Hopp til innhald

  1. Home
  2. NorskChevronRight
  3. Munnleg tekstskapingChevronRight
  4. Presentasjonar og foredragChevronRight
  5. Vurdering av munnleg presentasjonChevronRight
TasksAndActivitiesOppgaver og aktiviteter

Oppgaver og aktiviteter

Vurdering av munnleg presentasjon

Sjå først korleis lektor Inger Holtan og elevane hennar ved Hartvig Nissens skole i Oslo arbeider med vurdering av munnleg presentasjon. Utarbeid deretter et vurderingsskjema.

Kva seier læreplanen om vurdering?

I norskfaget skal du ikkje berre delta i diskusjonar og halde foredrag, presentasjonar og talar. Du skal òg arbeide målretta for å bli stadig dyktigare i munnlege situasjonar. Og ikkje nok med det – du skal i tillegg kunne "lytte til, vurdere og gi rettleiande tilbakemelding på andre sine munnlege presentasjonar"!

Nyttig for deg sjølv og andre

Det er viktig at du kjenner godt til kriteria som de elevar blir vurderte ut frå, for berre då klarer du å gi konkrete og nyttige tilbakemeldingar til medelevane dine. Kriteria er òg til god hjelp for deg sjølv når du skal førebu ein munnleg presentasjon, for då veit du kva læraren forventar av deg. Ved å jobbe systematisk med såkalla kvarandrevurdering forstår du dessutan betre kvifor du får den karakteren du får.

Vi kan gi tilbakemeldingar på ulike måtar. Videoen ovanfor viser deg éin mogleg framgangsmåte, og vi håper han inspirerer deg til å ta fatt på jobben som positiv kritikar med både glede og seriøsitet!

Oppgåve 1

Spørsmål til videoen

  1. Kva vil det seie å jobbe i prosess med munnleg presentasjon?
  2. Kva er fordelen ved denne framgangsmåten, ifølgje lærar Inger Holtan?
  3. Kva er ei framovermelding?
  4. Inger Holtan bruker omgrepet vekstpunkt. Forklar kva eit vekstpunkt er for noko.
  5. Etter foredraget til Andrea blir det opna for respons i klassen. Kva skal medelevane gi respons på?
  6. Kvifor set Andrea pris på denne måten å bli vurdert på?
  7. Kva er kvarandrevurdering?
  8. Kvifor liker elevane i klassen å bruke responsskjema?
  9. Kva fordelar gir vurderingsarbeid i responsgrupper, ifølgje læraren?
  10. Kva synest du om arbeidsmåtane som blir presenterte i filmen? Har du brukt nokre av dei før?

Oppgåve 2

Lag eit forslag til eit vurderingskjema for munnleg presentasjon. Jobb først i grupper og bli deretter einige om eit felles skjema, saman med dei andre i klassen og med læraren.

Læringsressursar

Presentasjonar og foredrag

SubjectEmne

Fagstoff

SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter