1. Home
  2. NorskChevronRight
  3. Munnleg tekstskapingChevronRight
  4. Presentasjonar og foredragChevronRight
SubjectEmne

EMNE

Presentasjonar og foredrag

Både foredraget og presentasjonen skal informere, men form og formål er noko ulike.

Kronprins Haakon holder foredrag om tusenårsmålene. Foto.
Når vi held foredrag, er det personen som viktigast, ikkje hjelpemidla. Kronprins Haakon baserer her foredraget sitt på eitt einaste lysbilete. Kan du sjå kva som er emnet for talen til kronprinsen?

Presentasjon

Presentasjonar er særleg brukte i arbeids- og næringslivet. Vi taler til dømes om å presentere rekneskapstal eller eit nytt produkt. Den som skal presentere, stør seg til vanleg til lysbilete, lyd eller videoklipp, og det er innhaldet som skal formidlast som står i sentrum.

Foredrag

I eit foredrag er personen til talaren viktigare enn i presentasjonen. Foredraget har derfor ofte eit meir gjennomarbeidd språkleg uttrykk og ei fastare form. Kor grundig emnet blir behandla, kjem an på formålet med foredraget og på situasjonen. Eit inspirasjonsforedrag for eit stort publikum skal både underhalde og informere, medan eit foredrag om ulike typar fluger til flugefiske kan innehalde langt meir saksinformasjon fordi publikum først og fremst er interesserte i å lære meir.

Same om du skal ha eit foredrag eller presentere, må du forberede deg grundig. Det skaper tryggleik å vite at du meistrar stoffet. Då kan du konsentrere deg om det viktigaste når du møter publikum, nemleg sjølve framføringa.

Læringsressursar

Presentasjonar og foredrag