Hopp til innhald

  1. Home
  2. NorskChevronRight
  3. Tekst i kontekstChevronRight
  4. ModernismeChevronRight
  5. Franz Kafka: ProsessenChevronRight
TasksAndActivitiesOppgaver og aktiviteter

Oppgave

Franz Kafka: Prosessen

Forfattaren Franz Kafka (1883–1924) blei født og levde i Praha i Tsjekkia, som fram til 1918 var ein del av dobbeltmonarkiet Austerrike-Ungarn. Familien til Kafka var jødisk, og morsmålet hans var tysk.

Kafka stilte svært høge krav til forfattarskapen sin. Han gav ut lite mens han levde, og ville at alle manuskripta hans skulle brennast etter hans død. Heldigvis er ein del av tekstane hans bevart. I videoklippet nedst på denne sida får du vite meir om litteraturen han skreiv.

NRK-programmet Lesekunst 8 handlar om tre modernistiske forfattarar: Marcel Proust, Virginia Woolf og Franz Kafka. Heile programmet er på om lag 30 minutt, og det er den siste delen som handlar om Kafka.

Lesekunst 8: Modernismen

Oppgåve

Franz Kafka: Prosessen

Sjå videoklippet Lesekunst 8

  1. Når kom romanen Prosessen ut?
  2. Hovudpersonen i romanen heiter Josef K. Kva signaliserer det faktum at Josef K. berre har ein bokstav til etternamn?
  3. Boka handlar om ei rettssak mot hovudpersonen. Kvifor blir Josef K. arrestert?
  4. Kvifor kan han ikkje prove at han er uskyldig?
  5. Adjektivet kafkaesk har blitt eit fast uttrykk i mange språk. Kva tyder ordet? Og kva kan vere årsaka til at nettopp dette ordet har blitt teke i bruk i mange ulike land?
  6. Kva slags opplysningar om bakgrunnen til Kafka får vi i videoen?
  7. Korleis kan bakgrunnen til Kafka ha verka inn på forfattarskapen hans?
  8. Ein geistleg fortel Josef K. parabelen om mannen og Lova. Ein parabel eller likning er ei kortare biletleg forteljing som inngår i ein annan tekst, som til dømes likningane i Bibelen. Parabelen hentar gjerne handlinga frå dagleglivet. Handlinga skal oppfattast som eit bilete på noko anna, til dømes ei djupare religiøs røynd eller eit allment etisk prinsipp. Men kva det er teksten eigentleg handlar om, må lesaren sjølv finne ut av. Du finn parabelen på sidene 193–194 i Prosessen.
    • Kva trur du "Lova" er for noko?
    • Finst det nokon grunn til at mannen ikkje slepp inn til Lova, men er forvist til å vere utanfor heile livet?
  9. Peik på typisk modernistiske trekk ved tematikk og form i romanen Prosessen.

Læringsressursar

Modernisme

SubjectEmne

Læringssti

SubjectEmne

Fagstoff

SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter

SubjectEmne

Kildemateriale