Hopp til innhald

  1. Home
  2. NorskChevronRight
  3. Tekst i kontekstChevronRight
  4. ModernismeChevronRight
  5. Marcel Proust: På sporet av den tapte tidChevronRight
TasksAndActivitiesOppgaver og aktiviteter

Oppgave

Marcel Proust: På sporet av den tapte tid

Forfattaren, kritikaren og essayisten Marcel Proust (1871–1922) var ein sentral representant for modernismen i europeisk litteratur. Mest kjent i dag er sjubindsverket På sporet av den tapte tid, som kom ut i perioden 1913–1927.

Portrett av forfattaren Marcel Proust
Den franske forfattaren Marcel Proust (1871–1922), her framstilt i voksfigur, skal ha skrive mange av tekstane sine medan han låg i senga si. Det gjorde han ikkje fordi han var spesielt lat.

Oppgåve 1

Marcel Proust: På sporet av den tapte tid

Sjå første del av NRK-programmet Lesekunst 8 (nedanfor).

  1. Kvar og korleis brukte Proust å arbeide?
  2. I 1913 kom første bind av verket På sporet av den tapte tid. Kor mange bind og sider er verket på totalt?
  3. Proust skil mellom to typar minne. Kva er det "ufrivillige minnet", som Proust kallar det? Kva er det som utløyser denne typen minne? Og kva skil det ufrivillige minnet frå det vanlege, rasjonelle minnet?
  4. I ei av scenene i boka er eg-personen heime hos mora si og et Madeleine-kaker. Kvifor er denne scena viktig?
  5. Proust skil mellom det sosiale eg-et og det djupare eg-et. Kva ligg i desse to omgrepa?
  6. Kva seier Proust at han vil skrive om?
  7. Kvar er det handlinga går føre seg i På sporet av den tapte tid?
  8. Kva tyder tittelen? Kva er "den tapte tid"?
  9. I mange romanar er tidsrekkjefølgje (kronologi) eit viktig komposisjonsprinsipp, det vil seie ein måte å ordne innhaldet på. Slik er det ikkje i Prousts verk. Kva slags komposisjonsprinsipp er det han bruker?
  10. Nemn modernistiske trekk ved På sporet av den tapte tid.

Lesekunst om modernisme

NRK-programmet Lesekunst 8 handlar om tre sentrale modernistiske forfattarar. Den første som blir presentert, er Marcel Proust. Dei to andre er Virginia Woolf og Franz Kafka.

Lesekunst 8: Modernismen

Oppgåve 2

Skriv sjølv

Skriv ein tekst på minst ei halv side der du skildrar eit "ufrivillig minne", det vil seie eit minne som blir framkalla av eit sanseinntrykk. Det kan vere for eksempel ei lukt, ein smak, ein lyd, eit musikkstykke, eit fotografi eller ein bestemt stad som vekkjer dette minnet.

Læringsressursar

Modernisme

SubjectEmne

Læringssti

SubjectEmne

Fagstoff

SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter

SubjectEmne

Kildemateriale