Hopp til innhald

  1. Home
  2. NorskChevronRight
  3. Tekst i kontekstChevronRight
  4. ModernismeChevronRight
  5. Oppgåver om postmodernismeChevronRight
TasksAndActivitiesOppgaver og aktiviteter

Oppgave

Oppgåver om postmodernisme

Oppgåver til ein fagartikkel om postmodernisme.

Oppgåve 1

Postmodernisme

Les fagsida " Postmodernisme" og sjå undervisningsvideoen om same emne.

  1. Kva er postmodernisme? Gi ei kort forklaring.
  2. Modernistane braut medvitent med tradisjonen og tok avstand frå massekulturen, Kva slags forhold har dei postmodernistiske kunstnarane til tidlegare tiders kunststilar og til massekulturen?
  3. I fagteksten og videoen er det nemnt fleire kjennemerke ved postmodernistisk kunst, mellom anna dei som er lista opp nedanfor. Forklar dei litt nærmare.
    • stilblanding og sjangerblanding
    • medvitne lån frå andre(s) verk
    • metafiksjon
    • fokus på prosess framfor ferdig kunstverk
    • brott med kravet om originalitet
  4. Kvifor kallar Per Thomas Andersen Aker Brygge i Oslo for eit postmoderne landskap?
  5. Gjer kort greie for nokre av dei postmodernistiske prosjekta til Kjartan Slettemark, Kristoffer Schau og Triztan Vindtorn.
  6. Nemn nokre kjenneteikn ved det postmoderne samfunnet og ved menneska som lever i dette samfunnet.
  7. Den franske filosofen Jean-François Lyotard har hevda at dei "store forteljingane" er døde i det postmoderne samfunnet.
    • Kva meinte han med det?
    • Gi nokre eksempel på slike "store forteljingar".
    • Kva for ei stor forteljing var det Lyotard framfor alt hadde i tankane?
  8. Kva gjer Hanne Ørstavik og Erlend Loe til postmoderne forfattarar?

Oppgåve 2

Popkunst – ei postmodernistisk kunstretning

Andy Warhol (1928–1987) var blant dei første postmoderne biletkunstnarane. I staden for å måle eller teikne eigen "original" kunst, valde han å bruke allereie kjende bilete og fotografi. Han manipulerte og omarbeidde reklameannonsar og bilete frå magasin og leikte seg med å setje dei saman på nye måtar. Bildekollasjen nedanfor er eit godt eksempel på denne typen "resirkulering" av eksisterande verk.

Warhol var ein representant for popkunsten (Pop Art), som blei til ei av dei dominerande kunstretningane i USA på 1960-talet. Mens dei modernistiske målarane såg ned på masse- og under-haldningskulturen, lånte popkunstnarane tema og teknikkar frå nettopp denne kulturen.

Biletet Sixteen Jackies av Warhol viser 16 portrett av ei og same kvinne. Grafikk.
Sixteen Jackies. Dette verket av Warhol er sett saman av seksten portrett av Jacqueline Kennedy (1929–1994). Ho var gift med den amerikanske presidenten John F. Kennedy, og var eit moteikon og stilideal for kvinner verda over. Jacqueline Kennedy blei også beundra for måten ho meistra den vanskelege situasjonen da mannen hennar blei myrda i 1963. Verket til Warhol er frå 1964.

Les den korte teksten nedanfor og jobb deretter med spørsmåla.

  1. Når blei popkunsten til ei av dei dominerande stilretningane i USA?
  2. Kva for ein kunstnar var ein viktig representant for denne retninga?
  3. Peik på typisk postmodernistiske trekk ved pop-kunsten.
  4. Kunstnaren Hariton Pushwagner er ein norsk representant for popkunsten. Finn noko informasjon om han på Wikipedia. Og finn ut kvifor han valde kunstnarnamnet Hariton Pushwagner!
  5. Gå på heimesida til Pushwagner og ta ein titt på serigrafiserien En dag i familien Manns liv frå 1980. Kva slags inntrykk får du av kvardagen og livet til denne familien?

Oppgåve 3

Postmodernismen i arkitekturen

Les fagsida om postmodernismen i arkitekturen.

  1. Kva for idear er det som får gjennomslag blant arkitektar frå 1960-talet og utover?
  2. Ser du nokre parallellar til utviklinga innanfor kunst og litteratur?

Læringsressursar

Modernisme

SubjectEmne

Læringssti

SubjectEmne

Fagstoff

SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter

SubjectEmne

Kildemateriale