Hopp til innhald

  1. Home
  2. NorskChevronRight
  3. Tekst i kontekstChevronRight
  4. ModernismeChevronRight
  5. Modernismens mange "ismar"ChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Modernismens mange "ismar"

Modernisme er ei overordna nemning for ei rekkje ulike straumdrag og stilretningar innanfor kunst, litteratur, musikk og arkitektur dei siste 150 åra.

Måleriet "Soleil levant", eller soloppgang, av Claude Monet. Illustrasjon.
I 1872 måla den franske kunstnaren Claude Monet (1840–1926) biletet "Impression. Soleil levant", på norsk "Inntrykk. Soloppgang". Maleriet har gitt namnet til den kunstretninga som vi kallar impresjonisme, og som bana veg for moderne og abstrakt kunst. Dei impresjonistiske kunstnarane prøvde å gi att sanseinntrykk friskt og spontant. Det var den subjektive augeblinks-opplevinga som skulle fangast inn.

Symbolisme, impresjonisme, ekspresjonisme, dadaisme, surrealisme, absurdisme, nyenkelheit, funksjonalisme og tolvtonemusikk er alle eksempel på modernistiske retningar og formspråk. Felles for dei er at dei bryt med tradisjonelle måtar å skrive, måle, komponere og byggje på.

Eit periodeomgrep

Vi bruker omgrepet modernisme også som nemning på ein kunst- og litteraturhistorisk periode som kan delast inn i fleire fasar.

Tidleg modernisme (ca. 1850–1910)

Omgrepet tidleg modernisme er særleg knytt til dei første sjanger- og formeksperimenta i litteraturen. Dikta til Charles Baudelaire (1821–1867) og Sigbjørn Obstfelder (1866–1900), som bryt med dei tradisjonelle formkrava, er konkrete eksempel på tidlege modernistiske tekstar. Dramatikaren Henrik Ibsen (1828–1906) blir også rekna som tidleg modernist, det same gjeld for Knut Hamsun (1859–1952). Dei fleste forfattarane på denne tida, både i Noreg og elles i Europa, brukte framleis eit tradisjonelt formspråk.

Høgmodernisme (ca. 1910–1960)

Romanane til James Joyce (1882–1941), Virginia Woolf (1882–1941) og Franz Kafka (1883–1924) blir ofte trekte fram som eksempel på høgmodernistisk litteratur. Dette er tekstar som stort sett er skrivne i perioden 1910 til 1930, ei tid da modernismen hadde blitt til det dominerande straumdraget i kunst og kulturliv i Sentraleuropa.

Felles kjenneteikn:

  • Det var eit mål for forfattarane at kunsten skulle vere nyskapande – han måtte bryte med forventningar og skape sitt eige, nye uttrykk.
  • Forfattarane ønskte å skildre ein indre og subjektiv røyndom. Dette gjorde dei mellom anna gjennom ein skriveteknikk som vi kallar for stream of consciousness, på norsk medvitsstraum. Dei skreiv, så direkte som mogleg, ned tankestraumen til karakterane – med alle assosiasjonane, kjenslene og innfalla.
  • Både tidleg- og høgmodernistisk litteratur er ofte prega av eit grunnleggjande alvor. Uro, angst og vanskar med å finne ei retning i livet er tema som går att – tema som på ulike vis problematiserer korleis det er å leve i eit moderne samfunn.

Realisme og modernisme i Noreg

I Sentral-Europa reknar ein særleg 1920-talet som modernismens stordomstid. Perioden mellom ca. 1930 og 1960 kallar ein i sentraleuropeisk samanheng ofte for seinmodernisme. I Noreg tek utviklinga ei anna lei i første halvdel av 1900-talet. Det er ein tradisjonell realistisk skrivemåte som dominerer, jamvel om det finst nokre få norske forfattarar som skriv modernistiske tekstar også i denne perioden, for eksempel Rolf Jacobsen (1907–1994) og Aksel Sandemose (1899–1965).

Først frå 1950-talet og utover får modernismen sitt reelle gjennombrott i norsk litteratur, og da særleg i lyrikken. Det nye lyriske formspråket skaper først debatt, men det viser seg snart at det har komme for å bli. To sentrale namn her er Paal Brekke (1923–1993) og Gunvor Hofmo (1921–1995). Også Tarjei Vesaas (1897–1970) blir rekna som ein sentral norsk høgmodernist.

Postmodernisme (frå ca. 1960)

Modernistane sitt krav om nyskaping og originalitet blir etter kvart oppfatta som ei tvangstrøye for kunstnaren. Når alle tradisjonelle reglane innanfor kunsten for lengst er brotne, kva nytt kan ein finne på da? Er det i det heile mogleg å skape noko originalt lenger? Og kvifor skal kunst absolutt vere noko opphøgd og alvorleg?

Frå 1960-talet og utover ser vi derfor nye tendensar og retningar innan både arkitektur, kunst, musikk og litteratur. Vi bruker gjerne omgrepet postmodernisme som overordna nemning om desse nye retningane.

Læringsressursar

Modernisme

SubjectEmne

Læringssti

SubjectEmne

Fagstoff

SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter

SubjectEmne

Kildemateriale