Hopp til innhald

  1. Home
  2. NorskChevronRight
  3. Tekst i kontekstChevronRight
  4. ModernismeChevronRight
  5. Knut Hamsun: SultChevronRight
TasksAndActivitiesOppgaver og aktiviteter

Oppgave

Knut Hamsun: Sult

I 1890 gav Knut Hamsun (1859–1952) ut romanen Sult, som skulle bli den første norske – og europeiske – modernistiske romanen.

I Sult bryt Hamsun med mange av sjangerkrava til den tradisjonelle romanen:

  • Romanen har ingen tydeleg kronologi og inga handlingsutvikling der lesaren blir lost fram til ei klar avslutning.
  • Den namnlause hovudkarakteren i romanen forlèt til slutt Kristiania, men lesaren får ikkje noko svar på korleis det går med han.
  • Hovudpersonen er ein mislykka forfattar som på grunn av sterk svolt ikkje klarer å skilje mellom draumar, fantasiar og røyndom. Dermed blir skiljet mellom ytre og indre røyndom uklart – både for hovudkarakteren og for lesaren.

Oppgåve 1

Knut Hamsun: Sult (1890)

Les fagartikkelen om Knut Hamsun og romanen Sult.

  1. På kva måte tematiserer Sult korleis det er å leve i moderniteten?
  2. Korleis skil Sult seg frå ein meir tradisjonell, realistisk roman?

Oppgåve 2

Arbeid med eit tekstutdrag frå Sult

Les side 5 til 14 i Knut Hamsuns roman Sult.

  1. Kva skjer? Gi eit kort resymé av handlinga.
  2. Kva er det som får størst plass i tekstutdraget, ytre handling eller eg-personens observasjonar og sinnsstemningar?
  3. Kva for eit håp er det som held eg-personen oppe?
  4. Gi tre eksempel på ulike sinnsstemningar hos eg-personen. Kva er det som utløyser dei?
  5. Kvifor er det forståeleg at menneska som møter eg-personen på gata, synest han er merkeleg eller full?
  6. Kvifor er det vanskeleg for lesaren å danne seg eit objektivt inntrykk av eg-personens karakter?

Læringsressursar

Modernisme

SubjectEmne

Læringssti

SubjectEmne

Fagstoff

SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter

SubjectEmne

Kildemateriale