Hopp til innhald

  1. Home
  2. NorskChevronRight
  3. Tekst i kontekstChevronRight
  4. ModernismeChevronRight
  5. Kanye West og Taro frå "Norske talenter": Slam-poesiChevronRight
TasksAndActivitiesOppgaver og aktiviteter

Oppgave

Kanye West og Taro frå "Norske talenter": Slam-poesi

Ein poesi-slam er ein diktkonkurranse der deltakarane framfører (først og fremst) sjølvskrivne tekstar, og der publikum kårar vinnaren. Alle slags tekstar kan framførast på ein poesi-slam, frå tradisjonell lyrikk til lyddikt, forteljingar og rapp.

Portrett av artisten Kanye West
Den amerikanske rapparen Kanye West (1977–) på scena under Quartfestivalen i Kristiansand i 2006.

Det er den amerikanske performance-diktaren Marc Kelly Smith (1949–) som blir rekna som oppfinnaren av denne moderne forma for diktarkonkurranse. Han syntest tradisjonelle diktopplesingar var keisame (og der hadde han kanskje ikkje heilt urett?). Den første Poetry Slam gjekk av stabelen den 20. juli 1986 i Chicago. Sidan 1990-talet har denne typen konkurransar spreidd seg over heile verda.

I Norge blir det arrangert NM i poesi-slam! Se noen smakebiter fra et arrangement i YouTube-klippet Kamppoetene .

Oppgåve 1

Kanye West og Taro frå "Norske talenter": Slam-poesi

Sjå YouTube-klippa med Kanye West og Taro frå "Norske talenter"

  1. Peik på korleis desse to slam-poetane bruker uttrykksformer frå andre populærkulturelle sjangrar i framføringane sine.
  2. På ein poesi-slam får publikum ei anna rolle overfor diktarane enn under ei tradisjonell diktopplesing. Kva er det som er annleis?
  3. Argumentér for at slam-poesi er postmodernistisk litteratur.

Oppgåve 2

Skriv og framfør eit slam-dikt

Lag ditt eige slam-poetiske dikt og framfør det for klassen. Framføringa skal ikkje ta meir enn maksimalt tre minutt. Her er nokre slampoesi-reglar:

  • Slam-dikt må vere sjølvproduserte.
  • Kunstnaren må ikkje bruke rekvisittar, kostymar eller musikkinstrument.
  • Kunstnaren må ikkje overskride tidsramma.

Tips: Dersom du treng litt meir inspirasjon, kan du besøkje heimesida til Marc Kelly Smith.

Læringsressursar

Modernisme

SubjectEmne

Læringssti

SubjectEmne

Fagstoff

SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter

SubjectEmne

Kildemateriale