Hopp til innhald

  1. Home
  2. NorskChevronRight
  3. Tekst i kontekstChevronRight
  4. ModernismeChevronRight
  5. Oppgåver til eit dikt av Gro DahleChevronRight
TasksAndActivitiesOppgaver og aktiviteter

Oppgave

Oppgåver til eit dikt av Gro Dahle

Allereie på 1960-talet hadde Jan Erik Vold og dei andre profilmodernistane begynt å skrive om kvardagslege emne og å leike med ord og tekst. Denne leikenheita blei utvikla vidare i den postmodernistiske lyrikken.

En supermann med koffert som skal ut og sjekke ting. Bilde.

Lyrikarar som Triztan Vindtorn (1942–2009), Øyvind Berg (1959–) og Gro Dahle (1962–) skreiv ”nonsensdikt” utan meining i vanleg forstand, dei blanda tekstar frå populærkulturen inn i den tradisjonelt så høgkulturelle lyrikksjangeren, og dei eksperimenterte med musikk og performance.

Oppgåve 1

Les diktet " Si at du stapper moren din opp i en koffert. Hva får du da? " av Gro Dahle.

  1. Kva trur du forfattaren meiner når ho skriv om "å stappe moren sin opp i en koffert"?
  2. Korleis tolkar du dei tre siste linjene, "men hun er fortsatt med / halvt skjult / mellom øyebrynene dine"?
  3. Korleis vil du karakterisere mor-barn-forholdet som blir skildra i dette diktet?
  4. Kor gammalt trur du dette barnet er?
  5. Peik på humoristiske og alvorlege trekk ved teksten.

Læringsressursar

Modernisme

SubjectEmne

Læringssti

SubjectEmne

Fagstoff

SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter

SubjectEmne

Kildemateriale