Hopp til innhald

  1. Home
  2. NorskChevronRight
  3. Tekst i kontekstChevronRight
  4. ModernismeChevronRight
  5. Jan Erik Vold: TrikkeskinnediktetChevronRight
TasksAndActivitiesOppgaver og aktiviteter

Oppgave

Jan Erik Vold: Trikkeskinnediktet

På 1960-talet debuterte ein yngre og meir leiken generasjon lyrikarar i Noreg. Dei såkalla profilmodernistane ville ta eit oppgjer med det dei såg på som ein symboltung og alvorsprega etterkrigslyrikk.

Portrett av forfattaren Jan Erik Vold
Jan Erik Vold (1939–)

Profilmodernistane var ei gruppe venstreorienterte unge studentar, skribentar, forfattarar og intellektuelle som alle var knytte til litteraturtidsskriftet Profil. I dette tidsskriftet publiserte dei både eigne tekstar, omsetjingar, intervju og litteratur-teoretiske artiklar. Profil-forfattarane eksperimenterte med både prosa og lyrikk, og dei lanserte ei ny form for modernisme – Profil-modernismen eller nyenkel dikting.

Profil-lyrikarane henta inspirasjon frå mellom anna austleg haikudikting, og dei skreiv dikt med kvardagslege og konkrete motiv. Språkleg lét dei seg inspirere av kvardagsspråk, sjargong, poptekstar og reklamespråk. Kjende Profil-lyrikarar er Jan Erik Vold (1939–), Eldrid Lunden (1940–), Einar Økland (1940–) og Paal Helge Haugen (1945–).

Oppgåve

Jan Erik Vold: Trikkeskinnediktet

Klikk deg inn på den lyrikkhistoriske tidslinja og vel perioden 1945–2000. Her finn du både teksten "Trikke-skinnediktet" av Jan Erik Vold og ein del bakgrunnsinformasjon som du kan bruke om du vil.

  1. Peik på tre trekk ved ”Trikkeskinnediktet” som er typiske for postmoderne tekstar.
  2. Samanlikn Jan Erik Volds byskildring i ”Trikkeskinnediktet” og Rolf Jacobsens bydikt "Signaler" .

    • Korleis vil du karakterisere grunnstemninga i dei to tekstane? Finn nokre passende adjektiv til kvart av dikta.
    • Kva slags haldningar til byen og bylivet formidlar tekstane?

Læringsressursar

Modernisme

SubjectEmne

Læringssti

SubjectEmne

Fagstoff

SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter

SubjectEmne

Kildemateriale