Hopp til innhald

  1. Home
  2. NorskChevronRight
  3. Tekst i kontekstChevronRight
  4. ModernismeChevronRight
  5. Arnulf Øverland om modernismenChevronRight
TasksAndActivitiesOppgaver og aktiviteter

Oppgave

Arnulf Øverland om modernismen

I foredraget ”Tungetale fra Parnasset” tok Arnulf Øverland eit oppgjer med det modernistiske formspråket.

Modernismens gjennombrott i norsk litteratur i etterkrigsåra provoserte ein etablert forfattar som Arnulf Øverland (1889–1968). Øverland meinte at det var nødvendig å setje ord på røynslene frå krigsåra, men ikkje gjennom oppstykkja, fragmenterte dikt i fri form. Det var ikkje lyrikk, ifølgje Øverland. I foredraget ”Tungetale fra Parnasset” tok han eit oppgjer med det modernistiske formspråket: ”Et desperat menneske skriker, men skriket er ikke noe dikt”.

Øverland hadde sjølv vore aktiv motstandsmann under krigen, til han i 1941 blei arrestert av nazistane og internert i ein tysk konsentrasjonsleir. Han naut enorm respekt i det norske samfunnet, og skepsisen hans bidrog derfor til at modernismen fekk ein trang fødsel i Noreg.

Oppgåve

Arnulf Øverland om modernismen

  1. Kva ville Øverland sjølv oppnå med diktinga si da han begynte å skrive? Kva slags forhold til publikum ønskte han?
  2. Kvifor er han kritisk til at modernistane bryt med dei tradisjonelle krava til rim og rytme i lyrikken?
  3. Kva meir enn ei gjennomarbeidd form er det modernistiske dikt manglar, slik han såg det?
  4. Kva tyder eigentleg tittelen på foredraget til Øverland, "Tungetale fra Parnasset"? Slå opp i Bokmåls- og nynorskordboka, der finn du ordforklaringar på både tungetale og parnass. Korleis oppsummerer tittelen Øverland si haldning til modernistisk dikting?
  5. Må eit dikt ha ei eintydig meining og vere fullt ut forståeleg for å kunne gi lesaren noko? Kva synest du? Underbygg svaret ditt med to-tre eksempel.

Læringsressursar

Modernisme

SubjectEmne

Læringssti

SubjectEmne

Fagstoff

SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter

SubjectEmne

Kildemateriale