Hopp til innhald

  1. Home
  2. NorskChevronRight
  3. Tekst i kontekstChevronRight
  4. ModernismeChevronRight
  5. Gunvor Hofmo: "Det er ingen hverdag mer"ChevronRight
TasksAndActivitiesOppgaver og aktiviteter

Oppgave

Gunvor Hofmo: "Det er ingen hverdag mer"

Gunvor Hofmo (1921–1995) er ein av forfattarane som skreiv lyrikk om den store tomleiken og det desperate skriket som fylte menneska etter den andre verdskrigen.

Portrett av forfattaren Gunvor Hofmo
Gunvor Hofmo (1921–1995)

Etter den andre verdskrigen befann Europa seg i ein slags nullpunktstilstand, ein tilstand av forvirring og håpløyse med tanke på samtida og framtida. Korleis kunne ein framleis tru på menneskeleg fornuft og godleik etter Auschwitz?

Dersom den teknologiske utviklinga kunne gi oss Hiroshima og Nagasaki, korleis var det da mogleg å påstå at denne utviklinga var til det beste for menneska?

Og når vanlege menneske begikk overgrep og krenkte grunnleggjande menneskerettar i nazismens og fascismens namn – kor frie var vi menneske da eigentleg?

Oppgåve

Gunvor Hofmo: "Det er ingen hverdag mer"

Les diktet "Det er ingen hverdag mer" av Gunvor Hofmo og svar på spørsmåla.

  1. Kva meiner vi med at verda befann seg i ein ”nullpunkts-tilstand” etter den andre verdskrigen?
  2. Kva vil du seie er tema i diktet "Det er ingen hverdag mer"?
  3. Peik på modernistiske og tradisjonelle trekk ved diktet.
  4. Les Jan Erik Volds artikkel om Gunvor Hofmo i Store norske leksikon, og finn biografiske opplysningar om korleis den andre verdskrigen ramma menneske som stod forfattaren nær.

Læringsressursar

Modernisme

SubjectEmne

Læringssti

SubjectEmne

Fagstoff

SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter

SubjectEmne

Kildemateriale