Hopp til innhald

  1. Home
  2. NorskChevronRight
  3. Tekst i kontekstChevronRight
  4. ModernismeChevronRight
  5. Tristan Tzara: "To make a Dadaist Poem"ChevronRight
TasksAndActivitiesOppgaver og aktiviteter

Oppgave

Tristan Tzara: "To make a Dadaist Poem"

Den rumenskfødte lyrikaren og essayisten Tristan Tzara var ein av grunnleggjarane av dada-rørsla. Med dikta sine ville dei dadaistiske lyrikarane vise korleis verda eigentleg var: meiningslaus og sett saman av dada – ja, av ingenting.

Portrett av Tristan Tzara
Tristan Tzara (1896–1963)

Den første verdskrigen markerer eit mentalt skilje i europeisk kulturliv. Krigens gru og kaos nærmast utsletta framtidstrua og optimismen som hadde prega tida kring århundreskiftet.

Under den første verdskrigen levde mange politiske flyktningar, emigrantar og kunstnarar i Zürich (Sveits var ikkje involvert i krigen). Det var her dadaismen oppstod, ei kunstnarleg retning som markerte eit opprør mot alle vanlege oppfatningar av korleis kunst bør vere. Den nye verda krev ein ny kunst, meinte dadaistane. Kunsten måtte få fram kva det ville seie å vere menneske i ei fragmentert, oppstykkja og kaotisk verd – ei verd utan meining.

Dadaistisk lyrikk

Med dikta sine ville dei dadaistiske lyrikarane vise korleis verda eigentleg var: meiningslaus og sett saman av dada – ja, av ingenting. Dei skreiv tekstar med bevisst ulogisk og banalt innhald, der det tilfeldige, leikande og provoserande fekk ein viktig funksjon.

Oppgåve 1

Tristan Tzara: "To make a Dadaist Poem"

Les teksten To Make a Dadaist Poem (1920) av den dadaistiske lyrikaren Tristan Tzara (1896–1963).

  1. Kva er det typisk dadaistiske ved metoden som Tristan Tzara tilrår i ”To make a Dadaist Poem”?
  2. Den siste setninga i diktet, "And there you are – an infinitely original author of charming sensibility, even though unappreciated by the vulgar herd ", tyder omtrent "Og der er du – ein uendeleg original forfattar, sjarmerande kjenslevar, om enn ikkje verdsett av den udanna saueflokken". Kva for modernistiske idear om kunsten og kunstnarrolla er det Tzara gjer narr av her?

Oppgåve 2

Lyddikt av Hugo Ball
Karawane (1917)

Lyddiktet er ein sjanger som blei funnen opp av dadaistane. I lyddikt har språklydane mist den viktigaste oppgåva si, nemleg å formidle meining. Det er opp til publikum kva dei vil leggje i lydane og klangane.

Vi kan samanlikne denne typen dikt med abstrakte måleri, der former og fargar heller ikkje skal gi att den konkrete ytre verda.

Lyddiktet til venstre blei laga i 1917 av den tyske dadaisten Hugo Ball (1886–1927).

Prøv sjølv!

Samarbeid gjerne med andre!

Vel ei av desse oppgåvene:

  • Følg oppskrifta til Tristan Tzara og lag eit dadaistisk dikt.
  • Lag eit lyddikt, for eksempel etter mønster av diktet til Hugo Ball.

Framfør diktet du/de har laga. Lag ein skikkeleg performance!

Læringsressursar

Modernisme

SubjectEmne

Læringssti

SubjectEmne

Fagstoff

SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter

SubjectEmne

Kildemateriale