Hopp til innhald

  1. Home
  2. NorskChevronRight
  3. Tekst i kontekstChevronRight
  4. ModernismeChevronRight
  5. Sigbjørn Obstfelder: Jeg serChevronRight
TasksAndActivitiesOppgaver og aktiviteter

Oppgave

Sigbjørn Obstfelder: Jeg ser

Den norske diktaren Sigbjørn Obstfelder (1866–1900) skreiv allereie på 1890-talet ei rekkje prosalyriske tekstar. Men mest kjend er han nok for diktet ”Jeg ser”, eit dikt der han bryt med dei tradisjonelle krava til fast rytme, enderim og strofe-inndeling i lyrikken.

Som hos Charles Baudelaire er motiva hos Obstfelder ofte henta frå eit bymiljø. Obstfelder skildrar dei negative sidene ved det moderne samfunnet: Den teknologiske utviklinga og urbaniseringa har rive menneska opp med røtene. Dei føler seg heimlause, einsame og framandgjorde i byen.

Oppgåve 1

Sigbjørn Obstfelder: Jeg ser

Les om perioden "Tidleg modernisme" i den lyrikkhistoriske tidslinja. Der kan du høyre og lese diktet "Jeg ser". Du finn også kommentarar til både perioden og diktet. Desse kan du bruke for å svare på oppgåva – om du vil.

Les gjerne også fagartikkelen Sigbjørn Obstfelder – ein modernistisk lyrikar

  1. Korleis opplever det lyriske eg-et i Obstfelders dikt ”Jeg ser” det moderne bylivet rundt seg?
  2. Kva for verkemiddel bruker diktaren for å skape samanheng og understreke innhaldet i teksten?

Oppgåve 2

Skriv din eigen versjon av "Jeg ser"

  1. Alternativ 1: Bruk Obstfelders tekst som mønster, men la eg-personen observere noko eit menneske av i dag kan oppleve som framandt, underleg eller skremmande.
  2. Alternativ 2: Lag ein versjon som står i sterk kontrast til originalteksten. Nokre forslag: humor, parodi, eit positivt syn på byen, metafiksjon (kommentarar til skriveprosessen eller til teksten inni sjølve diktet). Du avgjer sjølv korleis diktet ditt skal bli, men det må vere lett å sjå kva for ein tekst som har vore førebiletet.

Læringsressursar

Modernisme

SubjectEmne

Læringssti

SubjectEmne

Fagstoff

SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter

SubjectEmne

Kildemateriale