Hopp til innhald

  1. Home
  2. NorskChevronRight
  3. Tekst i kontekstChevronRight
  4. ModernismeChevronRight
  5. Oppgåver om modernismeChevronRight
TasksAndActivitiesOppgaver og aktiviteter

Oppgave

Oppgåver om modernisme

Oppsummeringsoppgaver til fagartikkelen om modernisme.

Oppgåve 1

Oppsummeringsspørsmål

Les fagteksten "Modernisme" og arbeid med spørsmåla nedanfor.

  1. Forklar omgrepet modernisme. Kvar kjem det frå, og kva omfattar det?
  2. Kvifor blir det moderne til ein eigen "isme" omkring år 1900?
  3. Gi eksempel på tradisjonelle komposisjonsprinsipp og tradisjonelt formspråk som dei modernistiske kunstnarane, komponistane og forfattarane braut med.
  4. Forklar omgrepet estetikk.
  5. Kvifor kallar litteraturprofessor Per Thomas Andersen den modernistiske estetikken for ein "bruddets estetikk"?
  6. Kva er det dei modernistiske kunstnarane vil oppnå med kunsten, musikken, litteraturen og arkitekturen sin?

Oppgåve 2

Spørsmål til videoklipp om modernismen

Modernisme

Sjå videoklippet med Per Thomas Andersen og svar på spørsmåla nedanfor.

  1. Kva for nye emne var det som opptok kunstnarane omkring 1900?
  2. Kva for ein berømt spansk målar er det Andersen nemner som eksempel på ein modernistisk biletkunstnar?
  3. Kvifor er "Les Demoiselles d'Avignon" (1907) eit viktig måleri i kunsthistoria?
  4. Kva kallar Per Thomas Andersen teknikken der ein prøver å vise ein person eller gjenstand frå fleire sider samtidig?
  5. Kva for ein verdsberømt norsk målar var også ein banebrytande modernist?
  6. Den østerrikske komponisten Arnold Schönberg begynte tidleg på 1900-talet å skape såkalla atonale komposisjonar. Kva vil det seie at eit musikkstykke er atonalt?
  7. Per Thomas Andersen nemner to norske forfattarar som allereie på 1890-talet skreiv modernistiske tekstar. Kven var desse to?
  8. Kva var det nye ved måten dei skreiv på?

Oppgåve 3

Modernismen i arkitektur og grafisk design

Løys oppgåvene nedanfor:

  1. Kva for stilideal hadde dei modernistiske arkitektane?
  2. Kva for eit namn har den modernistiske stilen i arkitekturen fått i Skandinavia?
  3. Når fekk denne stilen gjennombrottet sitt?
  4. Nemn nokre eksempel på modernistiske bygg, og finn fotografi av slike bygg på nettet. Ta gjerne med nokre eksempel frå heimstaden din også.
  5. På fagsida om modernisme finn du eit fotografi av Eiffeltårnet. Kva trur du kan vere årsaka til at mange parisarar til å begynne med syntest tårnet var svært stygt? Og kvifor synest folk i dag at Eiffeltårnet er vakkert?
  6. Nemn nokre kjennemerke ved den sveitsiske eller internasjonale stilen innan grafisk design.
  7. Kva for ein moderne skrifttype har blitt oppkalla etter denne stilen?

Oppgåve 4

Fordjupingsspørsmål

  1. Klikk deg inn på lyrikktidslinja og gå til perioden "Tidleg modernisme" (ca. år 1900). Lytt til fagteksten om perioden, og notér eventuelle opplysningar som ikkje har vore nemnde på fagsida eller i videoklippet.
  2. I videoen om modernisme nemner Per Thomas Andersen "frigjeringa av dissonansen" som ei viktig endring i overgangen frå tonal til atonal musikk. Kva meiner han med dette? Kva er ein dissonans? Og korleis blir dissonansen fri? Spør ein fagperson!

Læringsressursar

Modernisme

SubjectEmne

Læringssti

SubjectEmne

Fagstoff

SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter

SubjectEmne

Kildemateriale