Hopp til innhald

  1. Home
  2. NorskChevronRight
  3. Tekst i kontekstChevronRight
  4. ModernismeChevronRight
  5. Jon Fosse: Nokon kjem til å kommeChevronRight
TasksAndActivitiesOppgaver og aktiviteter

Oppgave

Jon Fosse: Nokon kjem til å komme

Jon Fosse (1959–) er den første norske dramatikaren etter Henrik Ibsen som har fått stor internasjonal suksess. Innimellom blir han da også omtalt som "den nye Ibsen". Felles for både Ibsen og Fosse er at dei eksperimenterer med form og innhald i tekstane sine.

Portrett av forfatteren Jon Fosse
Jon Fosse (1959-)

Dei modernistiske skodespela til Fosse set søkjelyset på korleis moderne menneske kommuniserer og lever saman. I desse skodespela møter vi karakterar – ofte namnlause – som slit med å nå fram til kvarandre. Orda strekk ikkje til. Dialogar og replikkar, som tradisjonelt er så viktige i eit drama, hamnar ofte i bakgrunnen. Pausane og det usagde er vel så meiningsberande.

Nokon kjem til å komme

Dramaet Nokon kjem til å komme blei oppført for første gong i 1996. Stykket handlar om eit par som kjøper seg eit hus nede ved sjøen. Dei ønskjer å bu "åleine i kvarandre", men den "tosame einsemda" dei lever i, blir utfordra når mannen som tidlegare eigde huset, involverer seg i livet deira.

Som dei fleste Jon Fosse-stykka handlar også Nokon kjem til å komme om relasjonar mellom nære familiemedlemmer eller mellom par. Stykket tematiserer kjensler og konfliktar som kan oppstå mellom to menneske som står kvarandre nær – som sjalusi, svik og einsemd. Fosses fokus på par- og familierelasjonar plasserer han i ein dominerande trend i litteraturen på 1990- og 2000-talet: Kva for vilkår har familien i ei postmoderne tid? I Fosses stykke er det ofte avstand, einsemd og kommunikasjonsproblem som dominerer familielivet.

Oppgåve

Arbeid med eit dramautdrag

Les første del av dramaet Nokon kjem til å komme (til og med side 27).

  1. Dei tre personane i stykket heiter heilt enkelt han, ho og mannen. Kan du tenkje deg ein grunn (eller fleire) til at forfattaren ikkje har gitt karakterene namn?
  2. Han og ho har flytt til eit hus som ligg einsamt til. Kvifor har dei gjort dette?
  3. Kva slags inntrykk får du av forholdet mellom dei to? Verkar dei trygge på kvarandre? Grunngi svaret ditt.
  4. Kva skjer egentleg i denne første delen av dramaet?
  5. Kva gjer alle gjentakingane og pausane med tempoet i handlinga?

Læringsressursar

Modernisme

SubjectEmne

Læringssti

SubjectEmne

Fagstoff

SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter

SubjectEmne

Kildemateriale