1. Home
  2. NorskChevronRight
  3. Tekst i kontekstChevronRight
  4. ModernismeChevronRight
  5. Bertolt Brecht: TolvskillingsoperaenChevronRight
TasksAndActivitiesOppgaver og aktiviteter

Oppgave

Bertolt Brecht: Tolvskillingsoperaen

Bertolt Brecht (1898–1956) var ein av dei viktigaste tyske og europeiske dramatikarane på 1900-talet. Stykka hans hadde ofte ein politisk bodskap.

Brecht ville seie noko om den politiske og sosiale røyndommen menneska var ein del av. Han ønskte å opplyse publikum og få dei til å reflektere over det dei fekk sjå på scena. Dette formålet var heilt i pakt med ideane om fridom, framsteg og fornuft som vi forbind med det moderne prosjektet.

Framandgjeringsteknikk

Portrett av den tyske forfattaren Bertolt Brecht
Bertolt Brecht (1898-1956)

I form derimot er Brechts skodespel heilt klart modernistiske, for Brecht braut tydeleg med det realistiske drama som skulle etterlikne røyndommen. Han er kjend for sin Verfremdungs-technik (framandgjeringsteknikk). Med framandgjerings-teknikk meiner vi bruk av ulike grep (såkalla framandgjerings-effektar) som skal gjere det umogleg for publikum å gløyme at det som skjer på scena er fiksjon.

I stykka til Brecht kan skodespelarane for eksempel tale direkte til publikum, dei kan bere plakatar med instruksjonar eller bryte ut i sang og dans. Tanken bak er å tvinge publikum til å tenkje over det dei får sjå på scena.

Episk teater

Vi bruker også omgrepet episk teater om drama til Brecht. Mens eit realistisk drama ikkje har nokon forteljar som reflekterer over eller kommenterer handlinga – tilskodarane får oppleve handlinga så å seie "på direkten" –, kan karakterane til Brecht finne på å kommentere handlinga dei sjølv er ein del av. Også songane har ofte ein kommentar-funksjon. Brecht innfører altså ein slags forteljarfunksjon i drama sine, eit verkemiddel som er typisk for episk eller forteljande litteratur.

Om Tolvskillingsoperaen

Handlinga i Tolvskillingsoperaen går føre seg i Soho i London. Hovudpersonen, Mackie Kniven (Mac the Knife), er den farlegaste mannen i byen og etterlyst for både mord og vinningsbrottsverk. Han gifter seg med Polly, som er dottera til Peachum, sjefen for tiggarkorpset i byen. Både politisjefen i byen, presten og politikarane er korrupte og sjølvsagt inviterte i bryllaupet. Mac blir arrestert fleire gonger, men i staden for at han får den rettvise straffa si, endar det med at kongen viser nåde og til og med gjer han til adelsmann. Tema i stykket er – nokså opplagt – hykleri og dobbeltmoral.

Les meir

Opphavet til Tolvskillingsoperaen

Tolvskillingsoperaen er ei omarbeiding av det satiriske musikkdramaet The Beggar's Opera (Tiggaroperaen) av John Gay (tekst) und Johann Christoph Pepusch (musikk) frå 1728. Stykket blei gjenoppdaga på 1920-talet og blei ein kjempesuksess i England. Det var Brechts medarbeidar Elisabeth Hauptmann som først fekk kjennskap til stykket. Ho sette om teksten til tysk og viste han til Brecht. I tillegg bidrog Hauptmann ein god del til den endelege versjonen. Tolv- skillingsoperaen blei uroppført i Berlin i 1928, nesten på dagen 200 år etter uroppføringa av The Beggar's Opera.

Musikken

Musikken til Tolvskillingsoperaen er laga av den tysk-amerikanske komponisten Kurt Weill (1900–1950). Tolvskillingsoperaen er ikkje nokon opera i eigentleg forstand, men eit politisk teaterstykke med 22 sangnummer. Musikken blei ein stor suksess, og mange av songane er godt kjende den dag i dag, for eksempel moritaten om Mac Kniven. Ei rekkje kjende artistar har laga coverversjonar av han. Kurt Weill henta inspirasjon til musikkstykka i Tolvskillingsoperaen frå ulike musikalske sjangrar, for eksempel frå jazz, tango, blues, skillingsviser og 1400-talsballadar.

Oppgåve 1

Spørsmål til fagteksten

Svar på spørsmåla nedanfor.

  1. Halldis Moren Vesaas har sett om Tolvskillingsoperaen til nynorsk. Omsetjinga finst på bokhylla.no. Bla deg fram til forordet som ho har forsynt teksten med og finn nokre biografiske opplysningar om Bertolt Brecht.
  2. Kva var det Brecht ville oppnå med drama sine?
  3. Forklar omgrepa framandgjeringsteknikk og episk teater.
  4. Kurt Weill bruker (element frå) ulike musikalske sjangrar i musikken til Tolvskillingsoperaen. Kva kallar vi ein slik arbeidsmåte med eit faguttrykk?
  5. Eit spørsmål som krev historiekunnskapar: The Beggar's Opera av John Gay er frå 1722. Korleis kunne eit såpass samfunnskritisk og "umoralsk" stykke bli framført i ei tid da sensuren var streng i dei fleste europeiske landa?

Oppgåve 2

Arbeid med eit utdrag frå Tolvskillingsoperaen

Les fram til side tolv i Tolvskillingsoperaen (forspelet og litt av første akt), og sjå deretter ei engelsk studentoppsetjing av denne innleiande delen. Teksten i dei to versjonane er nødvendigvis noko ulik – ei gjendikting er ikkje det same som ei ordrett omsetjing.

  1. Sjå utdraget frå Tolvskillingsoperaen og peik på konkrete trekk ved tekst, musikk, rekvisittar og kulissar som fungerer som framandgjeringseffektar.
  2. Forspelet er ein såkalla moritat. Ordet er ei forvansking av det tyske Mordtat (mordergjerning), og blir brukt om ei skillingsvise som skildrar forferdelege hendingar og brottsverk, og som avsluttar med ein moraliserande kommentar.
    • Kva er ei skillingsvise?
    • Kva er det moritaten om Mackie Kniven manglar, samanlikna med ein tradisjonell moritat?
  3. Kva slags karakteristikk av Mackie Kniven gir denne songen?
  4. Det er mange artistar som har laga coverversjonar av moritaten om Mackie Kniven. Gå på YouTube og finn nokre av dei. Vel ut éin som du synest er særleg bra, og argumentér for valet ditt.
  5. Første akt opnar med Peachums "morgonsalme". Kva skil denne teksten frå ein tradisjonell salme?
  6. Korleis tolkar du denne "morgonsalmen"? Meiner Peachum det han syng?
  7. Peachum uttaler seg nokså negativt om menneskets evne til medkjensle. Har han rett? Underbygg svaret ditt med nokre aktuelle eksempel.

Læringsressursar

Modernisme

SubjectEmne

Læringssti

SubjectEmne

Fagstoff

SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter

SubjectEmne

Kildemateriale