Henrik Ibsen (1828–1906) blir ofte omtalt som ein representant for den kritiske realismen i Noreg. Verk som Et dukkehjem (1879) og Samfundets støtter (1877) har tradisjonelt vore lesne og tolka som tekstar som skulle setje problem under debatt.

Seinare lesingar av forfattarskapen til Ibsen viser også at fleire av drama hans har klare modernistiske trekk. Dei kan ha innslag av metafiksjon, det vil seie at dei kommenterer seg sjølv som teaterstykke. Dei kan også skildre framandgjorde menneske i ei verd der meining, tru og identitet ikkje lenger er noko fast og opplagt.
Menneske først, kvinne så
Både Nora i Et dukkehjem og Hedda Gabler i stykket med same namn må sjølv skape meining i tilveret. Dei kan ikkje lenger leve som dokker eller trofékoner i eit tradisjonelt mannsdominert samfunn. Dette problemet løyser dei på forskjellige måtar: Nora gjennom konkret handling, og dermed i tråd med modernitetens tru på fornuft, fridom og framsteg, jamvel om framtida hennar er uviss. Hedda derimot mister trua på at livet har ei meining og kan få ei retning. Ho er ei intelligent kvinne, men får ikkje brukt evnene sine på ein konstruktiv måte. I staden manipulerer ho menneska rundt seg, og når ho sjølv risikerer at ein annan skal få makt over henne, skyt ho seg. Vi kan seie at den dempa framtidsoptimismen som vi ser i Et dukkehjem, blir avløyst av modernistisk framandkjensle og pessimisme i Hedda Gabler.
Oppgåve 1
Om Hedda Gabler
Kvifor kan vi seie at dette dramaet er eit modernistisk stykke? Peik på trekk ved både form og innhald.
Oppgåve 2
Sjå nærmare på eit utdrag frå Hedda Gabler
Les første akt av Ibsens drama Hedda Gabler.
- Kva slags inntrykk av Hedda som person får du i denne første akta? Grunngi svaret ditt.
- Kva kan komme til å skape konfliktar mellom personane? Tenk for eksempel på
- Hedda og Thea Elvsted
- Jørgen Tesman og Ejlert Løvborg
- Tante Julle og Hedda
- Samanlikn Hedda og Thea Elvsted som personar, med utgangspunkt i det dei to taler om i første akt.
- Hedda og Thea har ulik oppfatning av forholdet dei imellom på "instituttet" (ein skole for jenter frå dei høgare samfunnslaga). Kva for ein versjon av fortida trur du mest på, og kvifor?
Læringsressursar
Modernisme
Læringssti
Lyrikk: Frå by-slam til poesi-slam
KjernestoffRomanen: Frå indre røyndom til medierøyndom
KjernestoffDramaet: Frå Ibsen til Fosse
Kjernestoff
Fagstoff
Modernismen og det moderne prosjektet
KjernestoffModernismens mange "ismar"
KjernestoffPostmodernismen
KjernestoffRolf Jacobsen
KjernestoffTarjei Vesaas
KjernestoffKarl Ove Knausgård – Min kamp
KjernestoffJon Fosse – den nye Ibsen
Kjernestoff
Oppgaver og aktiviteter
Oppgåver om modernisme
KjernestoffOppgåver om postmodernisme
Kjernestoff- Kjernestoff
Henrik Ibsen: Hedda GablerDu er her
Bertolt Brecht: Tolvskillingsoperaen
KjernestoffSamuel Beckett: Vente på Godot
KjernestoffJon Fosse: Nokon kjem til å komme
KjernestoffKnut Hamsun: Sult
KjernestoffCharles Baudelaire – modernismen sin far
KjernestoffMarcel Proust: På sporet av den tapte tid
KjernestoffFranz Kafka: Prosessen
KjernestoffJames Joyce: Ulysses
KjernestoffVirginia Woolf: Til fyret
KjernestoffSigbjørn Obstfelder: Jeg ser
KjernestoffTristan Tzara: "To make a Dadaist Poem"
KjernestoffRolf Jacobsen: Signaler
KjernestoffGunvor Hofmo: "Det er ingen hverdag mer"
KjernestoffArnulf Øverland om modernismen
KjernestoffTarjei Vesaas: Fuglane
KjernestoffOppgåver til Is-slottet
KjernestoffJan Erik Vold: Trikkeskinnediktet
KjernestoffOppgåver til eit dikt av Gro Dahle
KjernestoffOppgåver til romanserien Min kamp
KjernestoffErlend Loe: L
KjernestoffGeoff Ryman: 253
KjernestoffLag eit portrett av ein litterær figur
KjernestoffTema: Positivismedebatten
KjernestoffTema: Fridom som tvangstrøye
KjernestoffTema: Gud er død – lev i trua
Kjernestoff
Kildemateriale
Salmer fra kjøkkenet
KjernestoffIs-slottet
KjernestoffSi at du stapper moren din opp i en koffert
KjernestoffModernismen – kunst uten mening?
Kjernestoff