1. Home
  2. NorskChevronRight
  3. Tekst i kontekstChevronRight
  4. ModernismeChevronRight
  5. Geoff Ryman: 253 ChevronRight
TasksAndActivitiesOppgaver og aktiviteter

Oppgave

Geoff Ryman: 253

I det såkalla postmoderne samfunnet blir omgrep som identitet og tilhøyrsle problematiserte. Korleis er det mogleg å skape sin eigen identitet i ei tid der "dei store forteljingane er døde"?

253 lagnader

Portrett av den kanadiske forfatteren Geoff Ryman
Geoff Ryman (1951-)

Internettromanen 253 av den britiske forfattaren Geoff Ryman (1951-) kan seie oss noko om desse spørsmåla. Han er eit tydeleg eksempel på den postmodernistiske romanen – og den postmoderne tida.

Romanen blei først gitt ut på nett i 1996 før han i 1998 kom ut i bokform. Forfattaren tilpassar seg dermed den nye, postmoderne medierøyndommen. Romanen og nettsida er strukturerte i form av 253 separate historier – éi historie for kvart enkelt menneske som sit på t-banetoget i retning "the end of the line". Det er ingenting som bind desse menneska saman bortsett frå lagnaden som møter dei ved endestasjonen, nemleg ei ulykke.

Bilete av nettsida til romanen 253
Ein reiseplanleggjar hjelper lesaren av romanen 253 å orientere seg i teksten.

Oppgåve 1

Geoff Ryman: 253 (1996)

Gå til reiseplanleggjaren i Geoff Rymans roman 253. Nedst på sida finn du ein meny. Klikk deg gjerne inn på heimesida først og les det som står der. Vel så "253? Why 253?" frå menyen og svar på spørsmåla.

  1. Metafiksjon, det vil seie at teksten kommenterer seg sjølv, er eit typisk trekk ved postmodernistisk litteratur. "253? Why 253?" er i sin heilskap ein slik metatekst – ein tekst om teksten. Kva for informasjon gir forfattaren her om tid, stad, handling og personar i romanen?
  2. Andre postmodernistiske trekk ved "253? Why 253?" er bruk av ironi og blanding av fiksjon og røyndom. Finn eksempel på dette i teksten!
  3. Kva er det forfattaren seier om det å kjenne andre menneske?
  4. Kvifor trur du informasjonen i den siste setninga er teken med?
  5. Korleis er romanen som heilskap komponert? Finst det eit tidsforløp? Finst det eit tradisjonelt plott med ein årsakssamanheng mellom hendingane? Kva er det som skaper samanheng?
  6. Finst det hovud- og bipersonar? Finst det nokon tradisjonell helt i denne romanen?
  7. Kva kan denne forteljinga seie oss om det postmoderne livet i storbyen?

Oppgåve 2

Skriv sjølv (ei samarbeidsoppgåve for heile klassen)

  1. Klikk dykk inn på reiseplanleggjaren (journey planner) og les nokre av personportretta. Lag deretter klassens eiga t-banevogn med 36 sete og personar, etter same mønster som i romanen. Kvar elev lagar minst eitt portrett, dei ekstra raske kan kanskje ta ansvar for to?
  2. Presentér vogna, for eksempel i form av ein PowerPoint-presentasjon – eller kanskje som ein munnleg klasse-performance der alle er både deltakarar og publikum?

Læringsressursar

Modernisme

SubjectEmne

Læringssti

SubjectEmne

Fagstoff

SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter

SubjectEmne

Kildemateriale