Hopp til innhald

  1. Home
  2. NorskChevronRight
  3. Tekst i kontekstChevronRight
  4. ModernismeChevronRight
  5. Erlend Loe: LChevronRight
TasksAndActivitiesOppgaver og aktiviteter

Oppgave

Erlend Loe: L

Erlend Loe (1969–) debuterte i 1993 med romanen Tatt av kvinnen. Med denne romanen og suksessen Naiv. Super frå 1996 blei Loe ein av dei store litterære suksessane på 1990-talet – elska av både publikum, kritikarar og litteraturvitarar.

Portrett af forfattaren Erlend Loe
Erlend Loe (1969–)

Mange peikte ut Loe som ein talsmann for ein heil generasjon ungdom, og da spesielt menn. Ungdomskulturen på 1990-talet var prega av ein ironisk distanse til verda og ei medvitent naiv haldning til både samfunn og menneskelege relasjonar – ein generasjon unge som var utan opprørstrang eller leng etter vaksenlivet. Dei ønskte å halde på barndom og ungdom lengst mogleg utan å måtte forholde seg til alvoret og pliktene som er ein del av vaksenlivet. Desse unge, ofte omtalte som generasjon x – ironigenerasjonen –, levde også med ei visse om at dei i liten grad hadde bidrege til å utvikle det samfunnet og den velstanden dei levde i og opplevde som naturleg.

Erlend Loes tekstar er minimalistiske, ordfattige og nærmast stikkordsaktige. Dei er fulle av ”dei bitte små forteljingane” – forteljingar som kan verke så enkle og kvardagslege at dei umogleg kan danne utgangspunkt for ein heil roman. Men det er nettopp slike episodar Loe byggjer det litterære universet sitt rundt

Oppgåve

Erlend Loe: L

Be skulebibliotekaren om hjelp til å finne denne boka.

Les den korte meldinga av romanen L, eller les Wikipedia-artikkelen om romanen.

  1. L er ein såkalla halvdokumentarisk roman. Kva vil det seie? (Du kan for eksempel slå opp i Bokmåls- og nynorskordboka).
  2. Erlend Loe skriv om ein ekspedisjon han og nokre venner har gjennomført. Boka er ein parodi på ein av ekspedisjonane til Thor Heyerdahl. Kva for ein ekspedisjon er Thor Heyerdahl særleg kjend for, og kva ville han prove med denne ekspedisjonen?
  3. Bla fram til side fire i romanen L. Der står det ein såkalla epigraf (eit sitat som kommenterer innhaldet i boka).
    • Kva er ordlyden i epigrafen?
    • Og kva for ein postmodernistisk filosof har hevda at "dei store forteljingane er døde"? (Du finn namnet hans på fagstoffsida om postmodernismen.)
    • Hva meiner ein med "dei store forteljingane"? Og korleis tolkar du epigrafen i romanen til Loe?
  4. Etter epigrafen kjem det ein prolog. Kva er ein prolog?
  5. Er prologen og epigrafen nye eller gamle sjangrar?
  6. Les prologen i L. I denne prologen omtaler Loe den venetianske handelsreisende og oppdagaren Marco Polo (ca. 1254–1324).
    • Kva er det forfattaren misunner Marco Polo?
    • Korleis fortonar forfattarens liv seg? Kva slags hendingar er det som fyller livet hans?
    • Korleis vurderer han skriveverksemda si?

Læringsressursar

Modernisme

SubjectEmne

Læringssti

SubjectEmne

Fagstoff

SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter

SubjectEmne

Kildemateriale