Hopp til innhald

  1. Home
  2. NorskChevronRight
  3. Tekst i kontekstChevronRight
  4. ModernismeChevronRight
  5. Tarjei Vesaas: FuglaneChevronRight
TasksAndActivitiesOppgaver og aktiviteter

Oppgave

Tarjei Vesaas: Fuglane

Den norske høgmodernisten Tarjei Vesaas (1897–1970) er kjend for dei prosalyriske og symbolrike romanane sine. Karakterane hans er ofte einsame og isolerte, og dei gir lesaren eit anna blikk på verda og røyndommen enn det som er vanleg.

Portrett av forfattaren Tarjei Vesaas
Tarjei Vesaas (1897-1970) i diktarstua si heime i Vinje i Telemark i 1964.

I romanen Fuglane er det hovudpersonen Mattis som får denne outsider-rolla. Mattis er ikkje like "skarp" og rask i oppfatninga som andre, og folk i bygda kallar han for Tusten. Han er ikkje i stand til å skjøtte eit vanleg arbeid. Han forstår heller ikkje vanlege menneskes humor og ironi, og tankane og fantasien hans tek ofte heilt andre vegar enn hos andre.

Mattis bor i ei hytte saman med systera Hege, som har teke seg av han i mange år og som slit og strever for å livnære dei begge.

Oppgåve 1

Vesaas som modernist

Les fagartikkelen om Tarjei Vesaas .

Kvifor er Vesaas ein sentral modernist i norsk litteratur?

Mann i robåt på teatercene. Foto.
Frå ei oppsetning av "Fuglane" på Trøndelag Teater i 2010. Øyvind Brandtzæg spelte rolla som Mattis i denne oppsetninga.

Oppgåve 2

Tarjei Vesaas: Fuglane (1957)

Les kapitla fem og seks i Fuglane av Tarjei Vesaas.

  1. Gjer kort greie for den ytre handlinga i dei to kapitla.
  2. Kven har synsvinkelen i romanen? Kva oppnår forfattaren med dette grunnleggjande valet?
  3. Kvifor oppstår det ein konflikt mellom Hege og Mattis, sjølv om ingen av dei i utgangspunktet vil den andre noko vondt?
  4. Kva fortel dette utdraget om Mattis sitt forhold til systera? Manglar han empati?
  5. Når Vesaas gir att tankane til Mattis, bruker han for det meste tredje persons form. Men nokre gonger glir han nesten umerkeleg over i eg-form. Finn nokre eksempel på nettopp dette.

Læringsressursar

Modernisme

SubjectEmne

Læringssti

SubjectEmne

Fagstoff

SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter

SubjectEmne

Kildemateriale