Hopp til innhald

  1. Home
  2. NorskChevronRight
  3. Tekst i kontekstChevronRight
  4. ModernismeChevronRight
  5. Tarjei VesaasChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Tarjei Vesaas

Nynorskforfattaren Tarjei Vesaas (1897–1970) skreiv både romanar, noveller, skodespel og dikt. I perioden 1923–1940 skreiv han for meste i realistisk form. Men romanar som Kimen, Fuglane og Isslottet er sentrale verk i norsk modernistisk litteratur.

Portrett av mann med katt på skulderen. Foto.

Kimen – ein modernistisk roman

Romanen Kimen (1940) utgjer eit vendepunkt i forfattarskapen og blir det store gjennombrotet for Vesaas. Boka speglar samtidas krigsatmosfære i ei allegorisk og symbolsk form. Med Kimen fann Vesaas det prosaspråket som skulle bli så særmerkt for han.

Det er eit knapt språk med korte, enkle setningar. Uttrykket er fortetta, ofte bruker Vesaas berre setningsfragment og enkeltståande ord. Det er ei minimalistisk form der det enkle og komprimerte er ladd med meining, og det som ikkje blir sagt, men som ligg mellom orda, er ein like viktig del av teksten. Vesaas skreiv konsekvent på nynorsk, men ordvalg og uttrykksform er påverka av talemålet i Vest-Telemark.

Det rører seg nedunder stupet. Skamslegi. Kravlande. Den kvæve stilla etterpå. Med vaknande røyster inni ein.

Ta vare, seier det.

Kven er du? synest ein det seier.

Ein rister på handa der ein sit, og seier usant. Eg visste ikkje om det. Det har ikkje vori hos meg før.

Det svarar: du veit du seier ikkje sant. Du har stupet i panna di.

Det er sagt at Kimen er ein roman om villskapen og dei destruktive kreftene i menneskesinnet. Boka er ikkje ei skildring av krig, men av korleis primitiv hemn kan utløyse sterkare utslag av vald og råskap. Tittelen Kimen viser til at det like fullt finst ein kime av det gode i mennesket, midt i all vondskapen.

Å dikte om seg sjølv

«Eg meiner sjølv at ein står i bøkene i alle slags forkledningar,» sa Vesaas i eit intervju ein gong. Han var ein blyg person, tilbakehalden og ordknapp, og han snakka ofte om det som var «bortom det som seiest: draumen, lengten, visjonen».

Kven talar vi med
når vi teier?
Vi må ha det
på vår ukjende ferd.

(fra diktet «Lev vår draum»)

Mykje av det Vesaas skreiv, handlar om mennesket i eksistensielle kriser, situasjonar der mennesket møter dei destruktive kreftene inni og utanfor seg sjølv.

Fuglane

Romanen Fuglane (1957) handlar om raringen Mattis, som bur saman med syster si, Hege, og som ikkje er som andre. Folk i bygda kallar han Tusten. Mattis er ikkje i stand til å gjere vanleg arbeid, men han er god til å ro og vil prøve seg som ferjemann.

Mattis har eit kjenslevart sinn og kan sanse mange ting som vanlege folk ikkje oppfattar. Mattis sansar og tolkar dei fleste naturfenomena. Han er redd i torevêr, men ser han for eksempel eit fugletrekk, slepper angsten taket, og dagen blir god for han. Mattis oppdagar mellom anna at det går eit rugdetrekk over huset. Dette rugdetrekket er eit under, noko gåtefullt og tiltrekkjande, synest Mattis. Han trur at livet skal ta ei ny vending no som rugda har byrja å trekkje rett over huset der han og Hege bur. Og endringar blir det.

Sjølvportrett

Vesaas har sjølv sagt at romanen om Mattis også er eit sjølvportrett og eit bilete på kunstnaren, som kjenner lengten etter det useielege – etter fuglespråket. Fuglebiletet er brukt fleire stader i tekstane til Vesaas. Det blir gjerne brukt som metafor på draum og dikting, som i diktet «Fuglen» henta frå samlinga Liv ved straumen (1970):

Fuglen var eit under.
Hans svære vengefang
var gløymsle.
Takten i hans hjarteslag
var min.

Symbolikk

Tarjei Vesaas var ein diktar som i stor grad brukte symbolet som verkemiddel. Symbola har både ei konkret og ei overført tyding. Vi kjem eit stykke på veg når vi bruker fornuft og logikk for å tolke dei, men det ligg gjerne att ein rest i tillegg som ikkje lèt seg forklare.

Det kan derfor vere vanskeleg å finne ei konkret og avgrensa meining i symbola som Vesaas bruker. Gjennom Mattis skildrar han ei undring over livet som skjerpar sansane mykje meir enn ei rasjonell forståing av verda. Det er denne konkrete undringa, den direkte linja mellom sansar og kjensler, som Mattis er åleine om å ha.

I programmet Lesesirkel diskuterer forfattar Tore Renberg boka Fuglane saman med kulturredaktør Anders Giæver, skodespelar Iren Reppen, professor Per Fugelli og lektor Hilde Sejersted:

Is-slottet

Romanen Is-slottet (1963)handlar om to jenter i pubertetsalderen som utviklar ein nær vennskap. Dei mister vennskapen på ein brutal måte, og den eine må kjempe for å kome over tapet og leve vidare. Is-slottet er ei utforsking av pubertetens psykologi, og det er ei forteljing om at mennesket er grunnleggjande einsamt, trass i lengten etter å overvinne kjensla av å stå åleine.

Som i romanen Fuglane møter vi også her ein omfattande symbolikk: Den eine jenta går inn i ein labyrint av is og døyr. Den andre bergar seg så vidt etter å ha frigjort seg frå sin eigen dødsangst.

Boka kan tolkast som ei skildring av destruktive krefter i eit ungt menneskesinn, men ho kan òg lesast som ei forteljing om det einsame mennesket i eit vennskapsforhold. Eit anna viktig emne er korleis unge menneske leitar etter sin eigen identitet. Her er eit utdrag av boka:

Dei heldt spegelen i kvar sin kant, heldt han opp for seg, sat heilt stille side ved side, omtrent kinn ved kinn.

Kva såg dei?

Dei såg seg bort før dei hadde aning om det. Fire auge med glimt og strålar under vippene. Heile spegelglaset fullt. Spørsmål som skyt fram og gøymer seg att. Eg veit ikkje: Glimt og strålar, glimt frå meg til deg, og frå meg til deg åleine – inn i glaset og tilbake, og aldri svar på kva dette er, aldri noka løysing.

På NDLA film kan du sjå ein filmatisert versjon av romanen:

Vesaas som lyrikar

Vesaas gav ut seks diktsamlingar, som alle er modernistiske i form og uttrykk. Gjennomgangstemaet i dikta hans er angst, vondskap og destruktive krefter. Symbolbruken er rik, og språket er knapt og fortetta, akkurat som i prosadiktinga.

Diktet « Regn i Hiroshima » er frå samlingen Leiken og lynet (1947). Diktet handlar om atombomba som vart sleppt over Hiroshima 6. august 1945. 150 000 menneske vart råka, og mest heile byen Hiroshima låg i ruinar etterpå.

«Regn i Hiroshima» kan stå som illustrasjon på det dei modernistiske diktarane hevda: Når verda er kaotisk, må også språket og diktforma spegle av dette. Da held det ikkje med tradisjonelle strofeformer med rim og fast rytme.I første delen av diktet er setningane stykkja opp og spreidde over fleire korte linjer, som for å understreke korleis menneska vart sprengde i filler under dette bombeåtaket.

Læringsressursar

Modernisme

SubjectEmne

Læringssti

SubjectEmne

Fagstoff

SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter

SubjectEmne

Kildemateriale