Hopp til innhald

  1. Home
  2. NorskChevronRight
  3. Tekst i kontekstChevronRight
  4. ModernismeChevronRight
  5. Karl Ove Knausgård – Min kampChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Karl Ove Knausgård – Min kamp

Knausgård har ytra at drivkrafta i det litterære prosjektet hans er å nå inn til kjernen i det å vere menneske. Ved å fortelje historia om sitt eige liv skaper det postmoderne mennesket si eiga sanning og sin eigen røyndom.

Svart-hvitt portrett av mann. Foto.

Karl Ove Knausgård – og kampen for fiksjonen

Karl Ove Knausgård (1968– ) debuterte i 1998 med romanen Ute av verden. For denne boka fekk han som første debutant nokon gong den prestisjetunge Kritikar prisen. Ni år seinare kom En tid for alt.

I romanprosjektet Min kamp (2009-2011) gjenfortel Knausgård mange av historiene frå dei to førre romanane. Henrik Vankel blir erstatta av romankarakteren Karl Ove Knausgård, og historiene om han blir sette inn i ein biografisk kontekst, altså forfattaren Karl Ove Knausgårds livshistorie.

Gjentakingane bidreg til å problematisere både røyndoms perspektivet og sanningsgraden i tekstane hans. Når dei ulike gjenfor- teljingane ofte er litt ulike, blir minna og fortida frigjorde frå røyndommen. Historiene trer fram som det dei er; nemleg Karl Oves forteljingar om fortida.

Min kamp

Min kamp bind 1 til 6 tek for seg Karl Ove Knausgårds liv fram til 2011 – altså eit forløp på 42 år.Han skriv om oppveksten sin på Sørlandet, om studietida og om A4 familieliv med kone og barn i Malmö i Sveriger.

Navet som forteljinga dreier seg rundt, er likevel farens død, eit dødsfall som fører hovudpersonen Karl Ove inn i ei krise. Forholdet til faren blir skildra som kaldt og prega av avstand, angst og frykt, men dødsfallet går likevel sterkt inn på sonen. Den kjensleborne ambivalensen til hovudpersonen pregar heile romanserien.

Som fordjuping kan du sjå intervjuet med Karl Ove Knausgård i Bokprogrammet på NRK. Programmet varer 30 minutter. Du kan sjå heile innslaget, eller delar av det.

Detaljrik impresjonisme

Somme kritikarar har samanlikna skrivestilen til Knausgård med barokkens ideal om detaljrikdom – alt skal skildrast så detaljert og nøyaktig som mogleg. I Min Kamp er det lange skildringar av korleis Karl Ove vaskar opp, lagar middag, traktar kaffi eller opplever eit barneselskap. Detaljrikdommen er stor, og sjølv om det ikkje skjer så mye, driv språket og forteljeteknikken historia framover.

Skrivestilen til Knausgård har mykje felles med den retninga som blir kalla impresjonismen i målarkunsten. Forfattaren målar stemningar og inntrykk med språket. Til liks med dei impresjonistiske målarane er det ikkje ei nøyaktig avbilding av røyndommen som er interessant, men kva stemningar og kjensler ei hending vekkjer.

Denne måten å skrive på kan samanliknast med Marcel Prousts På sporet av den tapte tid (1913–1927). Som Proust er Knausgård oppteken av korleis kjensler og refleksjonar startar med sansing og oppleving. Det er ikkje tingen i seg sjølv som er interessant, men kjensla han vekkjer hos karakteren – og hos lesaren.

Inn til den inste kjernen

Kva er det Karl Ove Knausgård ønskjer å formidle i romanprosjektet sitt? Kva er drivkrafta bak det litterære prosjektet?

Knausgård har ytra at drivkrafta i det litterære prosjektet hans er å nå inn til kjernen i det å vere menneske. For å lykkast med det må han utlevere seg sjølv og dei inste tankane og kjenslene sine – heilt ærleg, blottstilt og nådelaust. Gjennom å gå så tett inn på det private og individuelle tematiserer og granskar romanane samstundes det som er allment menneskeleg. Kva er det som driv oss? Korleis ter vi oss i høve til andre menneske? Kvifor handlar vi som vi gjer?

For Knausgård er ein viktig del av denne prosessen å prøve å forstå faren sin – og dermed seg sjølv. Kven var denne skremmande farsfiguren eigentleg? Og kvifor har han sjølv så mange av dei destruktive og negative sidene som han forakta hos faren?

Knausgård om private sfærer - og å bryte med dei. Klipp frå Bokprogrammet (NRK).

Notid og fortid

Knausgård problematiserer og granskar tilhøvet mellom notid og fortid. I Ute av verden skriv han dette om dødsfallet til faren:

Femten år senere var han død. Og så voldsomme var omstendighetene rundt dødsfallet hans, at han med det ikke bare forandret framtiden vår, men også fortiden. […] En slags kulde har spredd seg ut i den, noe høytidelig som vi ikke visste om mens vi var der, men som nå preger alt som fant sted, selv det mest trivielle og hverdagslige av det vi gjorde. Og det er en urovekkende tanke, at heller ikke fortiden er avsluttet, at også den fortsetter å endre seg, som om det i virkeligheten bare finnes én tid, for alt.

Den kulda som legg seg over alle minna han har av faren, illustrerer korleis vi som menneske heile tida konstruerer vår eiga livshistorie og forteljing. Det finst ikkje éi fortid, men mange! Fortida er ikkje ei konkret hending eller oppleving, men ei forteljing om – og ei kjensle av – kva denne fortida var. Romankarakteren Karl Oves kjensler og tankar omkring faren er heile tida prega av korleis forfattaren Karl Ove Knausgård sjølv har det her og no– i den notidige skriveprosessen.

Pseudorøyndom

Knausgårds prosjekt kan plasserast i ein postmoderne medierøyndom som er prega av leik med røyndom og reality. TV-seriar som Paradise Hotel er døme på at ein kan leike med, og setje i scene, røyndommen. Dei sprengjer den tradisjonelle sjangerforståinga og skaper ein pseudorøyndom. Dette er noko den moderne mediebrukaren er godt van med å takle – så kvifor da ikkje i ein skjønnlitterær samanheng også?

Å skrive livet sitt

Knausgård skriv seg inn i ein tradisjon der forholdet mellom fiksjon og røyndom blir problematisert. Allereie på 1890- talet hadde forfattarar knytte til Kristianiabohemen som mål «å skrive sitt liv». På 1950-talet vart Agnar Mykles roman Sangen om den røde rubin (1956) trekt for retten. Fleire romanforfattarar på 2000-talet tek utgangspunkt i eller nyttar medvite biografisk materiale i dei litterære verka sine.

Romanprosjektet til Knausgård tematiserer på mange måtar kva som kan vere følgjene av at «dei store forteljingane er døde», og at vi menneske er overlatne til oss sjølve i forsøket på å skape meining i tilværet. Korleis kan vi finne vår eigen identitet i eit mylder av valmoglegheiter? Og kor går grensene for kor mykje ein kan seie og skrive om andre menneske i eit forsøk på å forstå seg sjølv?

Sjølv hevdar Knausgård at han har rett til å formidle si historie, si sanning – med trykk på si. For å skape seg ein identitet er han nøydt til å fortelje historia om sitt eige liv. På denne måten konstruerer han si eiga sanning og sin eigen røyndom

Men ei slik tilnærming kostar: Knausgård forteller om arbeidet med «Min Kamp»

Læringsressursar

Modernisme

SubjectEmne

Læringssti

SubjectEmne

Fagstoff

SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter

SubjectEmne

Kildemateriale