Hopp til innhald

  1. Home
  2. NorskChevronRight
  3. Tekst i kontekstChevronRight
  4. ModernismeChevronRight
  5. Oppgåver til Is-slottetChevronRight
TasksAndActivitiesOppgaver og aktiviteter

Arbeidsoppdrag

Oppgåver til Is-slottet

Tarjei Vesaas sin roman Is-slottet kom ut i 1963 og fekk året etter Nordisk råds litteraturpris. I 1987 vart romanen filmatisert av regissør Per Blom. Her er filmomtale og analyseoppgåver til filmen, og oppgåver til adaptasjonen frå roman til film.

Adaptasjon – frå roman til film

  1. Bøkene til Tarjei Vesaas er fulle av naturskildringar, symbol og «undertekst». Kva utfordringar trur du dette kan ha skapt for filmskaparane?
  2. På kva måte er handlinga i filmen annleis enn handlinga i romanen til Vesaas? Er det noko som er utelate? Noko som er lagt til? Og kva gjer det i så fall med di tolking av bok og film?
  3. Korleis vert Siss og Unn skildra i boka? Synest du Siss og Unn i filmen liknar på Siss og Unn i boka? Grunngi svaret ditt.
  4. Korleis vert vennskapen mellom dei skildra i boka? Korleis vert til dømes dei vare kjenslene dei har for kvarandre, skildra? Korlies vert det skildra, det som ikkje vert sagt mellom dei? Og korleis vert dette gjort i filmen? Svar med å sitere frå boka og vise til konkrete verkemiddel i filmen.
  5. Korleis vert isslottet skildra i boka? Svar med å sitere konkret frå nokre stader i boka der isslottet vert skildra. Kva slags funksjon tenkjer du isslottet har? Korleis vert isslottet skildra i filmen? Var det slik du såg det for deg då du las boka?
  6. Korleis vil du tolke avslutninga i boka? Og i filmen?
  7. Ofte snakkar ein om at mens ein fortel gjennom «telling» (å fortelje) i ei bok, fortel ein gjennom «showing» (å vise) i ein film. Men Vesaas sine bøker er så fulle av symbol, naturskildringar og uuttalte ting at ein kan diskutere om han også viser, og overlèt til lesaren å tolke det dei «ser». Kva tenkjer du om dette? Kva er usagt i boka? Kva er usagt i filmen?
  8. Diskuter om temaa som vert tekne opp, er dei same i boka og filmen.
  9. Er dette ein vellykka adaptasjon? Grunngi svaret ditt.

Læringsressursar

Modernisme

SubjectEmne

Læringssti

SubjectEmne

Fagstoff

SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter

SubjectEmne

Kildemateriale