Hopp til innhald

  1. Home
  2. NorskChevronRight
  3. Tekst i kontekstChevronRight
  4. ModernismeChevronRight
  5. Oppgåver til romanserien Min kampChevronRight
TasksAndActivitiesOppgaver og aktiviteter

Oppgave

Oppgåver til romanserien Min kamp

Seksbindsromanen Min kamp er forteljinga om livet og kampen til forfattaren frå barneår på Tromøya, via ungdomstid og studenttid i Kristiansand og Bergen, og fram til det livet han no lever som småbarnsfar i Malmö.

Karl Ove Knausgård (1968–) sitt ambisiøse seksbindsverk Min kamp (2009–2011) har skapt debatt i den norske offentlegheita. I romanserien skriv han svært utleverande og ærleg om sitt eige liv. Han fortel om hendingar frå oppveksten, han brettar ut dei to ekteskapa sine, og han skriv nærgåande om forholdet til barna sine og til far sin som no er død.

Romanane har ein klår biografisk innfallsvinkel. Likevel insisterer Knausgård på å kalle bøkene for romanar. Min kamp-prosjektet har vorte stempla som "uetisk judaslitteratur" og synleggjer svært tydeleg kva som kan skje når grensene mellom kva som er fiksjon, og kva som er røyndom, vert utfordra.

Ein postmoderne forfattar

Ein kan også plassere Knausgård sitt prosjekt i ein postmoderne tradisjon. Den globale medieverkelegheita i vår tid er prega av utforsking og problematisering av tilhøvet mellom kunst og verkelegheit. Mange av dei nye postmoderne sjangrane viser at ein kan leike med, og setje i scene røyndomen, slik dette for eksempel vert gjort i reality-seriar på TV. Dei sprengjer den tradisjonelle sjangerforståinga og skapar ei såkalla pseudoverkelegheit – ei tilsynelatande verkelegheit.

Oppgåver

Knausgård sin kamp

Ta utgangspunkt i videoen og lenkjene og jobb med desse oppgåvene:

  1. Sjå videoklippet frå intervjuet med Karl-Ove Knausgård. Kvifor var det viktig for han å skrive Min kamp, og kvifor var det så vanskeleg å skrive bøkene?
  2. Les om Min kamp-prosjektet i introduksjonsteksten og i Språk- og litteraturhistorisk tidslinje. Kva er drivkrafta bak Knausgård sitt prosjekt i Min kamp?
  3. Kvifor vert bøkene utgitte som romanar og ikkje som biografiar?
  4. Kva for biografiske trekk kan ein finne i bøkene?
  5. Kva for skjønnlitterære trekk kan ein finne?
  6. Korleis vert tilhøvet mellom fiksjon og verkelegheit problematisert i prosjektet til Knausgård?
  7. I radiodokumentaren Tonjes versjon - Knausgårds ekskone snakker ut – ein radiodokumentar om å bli ein ufrivillig romanfigur får vi innblikk i korleis ekskona til Knausgård opplever merksemda rundt romanprosjektet hans. Korleis har denne prosessen vore for henne?
  8. Kva går den kritikken som Tonje Aursland rettar mot media og forlaget i denne dokumentaren, ut på?
  9. Kva går svaret som Karl Ove Knausgård gir ekskona si på kvifor det er så viktig for han å skrive desse bøkene, ut på?
  10. I dokumentaren problematiserer Tonje Aursland Knausgård sin versjon av brottet mellom dei to. Diskuter korleis dette kan svekkje tilliten vår til at romanen er "sann".
  11. Kva for kunstnariske argument meiner du kan forsvare at Min kamp 1–6 vert utgitt som romanar?
  12. Kva for etiske utfordringar meiner du eit slikt prosjekt kan innebere?
  13. Les fagteksten Fakta og fiksjon. Kvifor vert det retta kritikk mot spelefilmane Max Manus og Kon-Tiki?
  14. Finn døme på andre romanar og fiksjonsfilmar der karakterane eller historia er henta frå røyndomen.
  15. Diskuter i klassen: Kor stor kunstnarisk fridom bør ein forfattar eller ein filmregissør tillate seg når han eller ho skildrar faktiske hendingar og menneske som lever, eller har levd?

Læringsressursar

Modernisme

SubjectEmne

Læringssti

SubjectEmne

Fagstoff

SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter

SubjectEmne

Kildemateriale