1. Home
  2. NorskChevronRight
  3. Tekst i kontekstChevronRight
  4. ModernismeChevronRight
  5. Tema: Gud er død – lev i truaChevronRight
TasksAndActivitiesOppgaver og aktiviteter

Oppgave

Tema: Gud er død – lev i trua

1900-talet er prega av frigjering frå religiøse autoritetar og normer. Det gjeld både dei tankane enkeltindivida gjer seg om sitt personlege forhold til religiøse fenomen, men også kultur og samfunnsliv som heilskap. Denne prosessen vert kalla for sekularisering, som tyder verdsleggjering.

Gud skaper Adam

Sekularisering og religionskritikk

Både innan filosofi, kunst og litteratur dominerer ikkje-religiøst tankegods. To verdskrigar med ufattelege lidingar fører til at mange menneske ikkje lenger har tillit korkje til Gud eller til kvarandre. Religionskritikk vert eit sentralt tema. Det vert hevda at "dei store forteljingane" om korleis tilveret heng saman, er døde.

Men religiøsiteten var ikkje død ...

Men tekstar på 1900-talet, og tekstar i vår samtid, er ikkje berre prega av sekulære haldningar. Forfattarar, som til dømes Sigrid Undset og Johan Falkberget, skriv også om tru og tillit til livet i alt sitt mangfald. Religiøse forteljingar og symbol vert brukte som allusjonar og bilete i tekstar, der tema kan vere både evig og timeleg.

Utdrag frå teksten Verden slik jeg ser den av Albert Einstein

Kva er meininga med livet vårt, kva er meininga med livet til alt levande i det heile? Å kunne svare på dette spørsmålet vil seie å vere religiøs. Du spør: Har det då i det heile noka meining å stille dette spørsmålet? Eg svarer: Den som opplever sitt eige liv og livet til medmenneska sine som meiningslaust, er ikkje berre ulykkeleg, men knapt i stand til å leve.

Kildetekster

Oppgåver

Les tekstane i kjeldelista og jobb med desse oppgåvene:

  1. Les teksten Kristendommen, den tiende landeplage. Kva meiner Arnulf Øverland med at kristendommen er ei "landeplage"?
  2. Vis døme på korleis Øverland bruker bibelsitat og allusjonar i teksten.
  3. Med utgangspunkt i denne teksten vart det teke ut tiltale mot Øverland for blasfemi, men han vart seinare frifunnen. Diskuter om teksten er blasfemisk eller ikkje.
  4. Samanlikn diktet Credo av Erling Christie og diktet Jeg tror av Inger Hagerup. Kva legg forfattarane i omgrepet tru i dikta? Kva er det ein kan tru på?
  5. I kva grad handlar tekstane også om kristen tru, meiner du?
  6. Les om Sigrid Undset og romanane om Kristin Lavransdatter. Kva vil det seie at Undset hadde eit "verdikonservativt grunnsyn"?
  7. Gjer kort greie for handlinga i Undset sin trilogi om Kristin Lavransdatter. Kva er hovudtemaet i desse bøkene?
  8. Les Matteus 18.20 i Det nye testamentet, og teksten Matt. 18.20 av Tor Åge Bringsværd. Finn religiøse symbol, allusjonar og motiv i novella til Bringsværd.
  9. Kvifor trur du novella heiter Matt. 18.20?
  10. Kva er bodskapen i bibelteksten, og kva er bodskapen i novella til Bringsværd?
  11. Les dikta Vere og Kan kanskje av Oskar Stein Bjørlykke og Jeg holder ditt hode av Stein Mehren. Peik på trekk ved tekstane som gjer at ein kan lese dei i eit religiøst perspektiv.

Læringsressursar

Modernisme

SubjectEmne

Læringssti

SubjectEmne

Fagstoff

SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter

SubjectEmne

Kildemateriale