Hopp til innhald

  1. Home
  2. NorskChevronRight
  3. Tekst i kontekstChevronRight
  4. ModernismeChevronRight
TasksAndActivitiesOppgaver og aktiviteter

Oppgave

Tema: Positivismedebatten

Positivisme er ei nemning for eit vitskapssyn og eit menneskesyn som er prega av ei sterk tru på at det er mogleg å få objektiv – det vil seie allmenngyldig og nøytral – kunnskap på alle område i livet.

Positivistane stilte derfor spørsmål ved om humanistisk forsking i det heile teke kunne kallast vitskap. Antipositivistane hevda på si side at all kunnskap eigentleg er subjektiv fordi han er avhengig av omgrepa vi menneske har valt å sjå tilveret i lys av. Denne debatten prega både vitskap og litteratur i Noreg i etterkrigstida, særleg på 1960- og 70-talet.

Salmer fra kjøkkenet

Bent Hamer sin film Salmer fra kjøkkenet (2003) er ein underfundig og humoristisk film som tematiserer grensene for positivismen. Alt er ikkje gjenstand for objektiv kunnskap. Livet er fullt av irrasjonelle situasjonar og val.

Opningsscena i filmen er frå eit reelt forskingsprosjekt på 50-talet – der ein kartla korleis den svenske husmora flytta seg rundt når ho arbeidde på kjøkkenet. Føremålet med forskinga var å utvikle eit meir funksjonelt innreidd kjøkken.

I Hamer sitt univers er det menn som har hovudrolla, einslege menn på landsbygda. Hemmets Forskningsinstitut (HFI) har bestemt seg for å utvide forskinga si, for på denne måten å bidra til å utvikle eit funksjonelt kjøkken også i andre marknader. Observatørar vert sende til Noreg for å kartleggje kjøkkenvanane til norske menn. Gjennom å vere "floge på veggen" skal observatørane i filmen lage ei systematisk og vitskapeleg oversikt over korleis mennene flyttar seg rundt på kjøkkenet.

Forskning.no om filmen: Den onde, grusomme og unyttige forsker

Oppgåver

Ta utgangspunkt i klippet frå filmen Salmer fra kjøkkenet og jobb med desse oppgåvene:

  1. Kva vert gjort for at forskingsprosjektet, som vert presentert i starten, skal framstå som objektiv forsking?
  2. Kva for instruksar, som skal sikre objektiviteten i forskinga, får observatørane i filmen?
  3. På kva måte er denne filmen eit bidrag i positivismedebatten?
  4. Diskuter: I kva grad er det mogleg å få objektiv kunnskap om tankane og kjenslene til eit menneske?

Læringsressursar

Modernisme

SubjectEmne

Læringssti

SubjectEmne

Fagstoff

SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter

SubjectEmne

Kildemateriale