Hopp til innhald

  1. Home
  2. NorskChevronRight
  3. Tekst i kontekstChevronRight
  4. ModernismeChevronRight
  5. Tema: Fridom som tvangstrøyeChevronRight
TasksAndActivitiesOppgaver og aktiviteter

Oppgave

Tema: Fridom som tvangstrøye

Den samfunnskritiske rørsla som ofte vert omtalt som "det moderne gjennombrottet" på 1800-talet, kjempa mot autoritetar og institusjonelle sanningar. I realiteten var dette ein kamp for fridomen til enkeltindividet. Fridom til kva?

Friheten leder folket malt av Eugène Delacroix i 1830
[i]Fridomen leier folket[/i] måla av Eugène Delacroix i 1830

Det moderne mennesket

Religionskritikk, darwinisme og andre nye måtar å tenkje på på 1800-talet gjorde at folk i aukande grad stilte spørsmål ved tradisjonelle autoritetar og etablerte sanningar. Realismeforfattarane kjempa mot autoritetar og maktovergrep, og for fridom for enkeltindividet.

Men denne fridomen hadde også ei bakside. Omgrep som fin de siècle, dekadanse og framandgjering vert brukte som nemningar på det meiningstomrommet som oppstod.

Dersom ein forkastar dei tradisjonelle sanningane, kva skal ein da erstatte dei med? Dersom Gud er død, kva er då meininga med livet? Dersom ekteskapet og morsrolla ikkje er det kvinna skal fylle livet sitt med, korleis skal ho så leve livet sitt?

Fleire av dei litterære figurane på 1890-talet tematiserer krisa som oppstår når såkalla "allmenne sanningar" vert utfordra.

Normoppløysing og framandgjering.

Hedda Gabler – ei moderne kvinne

Bilde av skuespiller Catherine Wilkin i rollen som Hedda Gabler. Hedda er kledd i sort og holder en pistol mot tinningen sin.
Fridom – og kva så? Hedda Gabler, her spelt av Catherine Wilkin, lengtar etter ei ny kvinnerolle som gir livet meining.

I Ibsen-dramaet Hedda Gabler (1890) slit hovudpersonen med å finne ei meining med livet. Hedda er på mange måtar ei moderne kvinne. Ho er ytre sett sterk og sjølvstendig og nektar å underordne seg kvinnerolla i tida – som ektefelle og mor. Men ho finn heller ikkje noko anna å fylle livet med. Ho gir sjølv uttrykk for at det einaste ho har anlegg for, er å kjede livet av seg. Eit liv lausrive frå dei tradisjonelle kvinneoppgåvene vert tomt og meiningslaust. Ho er ikkje fri, men tom. Hedda lengtar etter noko å orientere seg etter, noko som kan gi livet hennar meining.

Det postmoderne mennesket

Det postmoderne mennesket, derimot, har – i alle fall i teorien – akseptert fråveret av ei sanning som er gyldig for alle. Det postmodernistiske slagordet "dei store forteljingane er døde" gravlegg alle teoriar og forklaringsmodellar som freistar å seie noko som er allment sant. Det postmoderne individet er derfor overlate til seg sjølv når det er på leit etter meininga i tilveret, eller ei retning i livet.

Fridom er ein grunnleggjande premiss, saman med tanken om at alt er omskifteleg. Ingenting varer. Du vel, men vala dine kan fort gjerast om. Det er vanleg å omtale dette som ein shoppingtendens: Du er fri til å "shoppe" venner, kjærastar, livssyn og identitet. Når du vert lei av å vere ateist, eller lei av kjærasten din, ja – då shoppar du eit nytt livssyn – eller skaffar deg ein ny kjæraste. Men kva gjer dette med oss? Er den absolutte fridomen nøkkelen til eit meiningsfullt og lykkeleg liv?

Er fridom det same som lykke?

Les Ole Nygaard sin artikkel i tidsskriftet Dyade: Frihet er ingen spøk

Naiv.Super

Ein forfattar som i stor grad tematiserer vilkåra for individet i ei postmoderne tid, er Erlend Loe (1968– ). Romanen hans Naiv.Super (1996) kan ein på mange måtar lese som ei innføringsbok i postmoderne psykologi. Den namnlause hovudpersonen opplever ei eksistensiell krise – ei krise som skyldast at han manglar faste orienteringspunkt i tilveret. Då han taper for broren i crocket, rasar verda saman. Romanen skildrar livskrisa til ein 25-åring, og jakta hans på meining og samanheng i eit liv som kanskje har vorte for ope – for fritt.

Intervju med Erlend Loe om romanen Naiv.Super:

Naiv. Super

Oppgåver

Denne oppgåva tek utgangspunkt i fleire fagartiklar om romantikk og realisme. Les utdrag frå Hedda Gabler av Henrik Ibsen og Naiv.Super av Erlend Loe. Bøkene finn du i skulebiblioteket.

  1. Les om Hedda Gabler i Språk- og litteraturhistorisk tidslinje. Kva er det som gjer at Hedda opplever livet sitt som meiningslaust?
  2. Korleis kritiserer Ibsen kvinnerolla i si eiga samtid?
  3. Les s. 46 til 49 i Henrik Ibsen sitt drama Hedda Gabler. Kva for oppgåver ser Hedda som meiningsfulle oppgåver som er mogleg for henne å ta tak i?
  4. Kva trur du ho meiner med at ho berre har anlegg for ein ting, å kjede livet av seg?
  5. Sjå intervjuet med Erlend Loe og les omtalen av romanen Naiv.Super. Kva for strategiar bruker hovudpersonen i romanen for å skape meining i tilveret?
  6. Korleis taklar hovudpersonen den postmoderne fridomen? Du kan lese ein periodeomtale av postmodernismen i Språk- og litteraturhistorisk tidslinje.
  7. Les innleiingskapittelet "Veggen" (s. 7–12) i romanen Naiv.Super. Gjer greie for den krisa hovudpersonen opplever. Kva er det som utløyser ho? Korleis reagerer han på sitt eige samanbrott?
  8. Diskuter påstanden: I våre dagar har trua på fridom, og jakta på det lykkelege livet, vorte ei tvangstrøye.

Læringsressursar

Modernisme

SubjectEmne

Læringssti

SubjectEmne

Fagstoff

SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter

SubjectEmne

Kildemateriale