Hopp til innhald

  1. Home
  2. NorskChevronRight
  3. Tekst i kontekstChevronRight
  4. ModernismeChevronRight
SubjectEmne

EMNE

Modernisme

Modernisme er eit samleomgrep for ei rekkje ulike retningar og stilartar innanfor kunst, arkitektur, litteratur og musikk som har prega vestleg kultur frå rundt år 1900 og framover.

I dette videoklippet møter du Per Thomas Andersen, som er professor ved Institutt for lingvistiske og nordiske studier ved Universitetet i Oslo. Han forklarer her nokre av endringane som skjer i kunst, litteratur, musikk og arkitektur rundt år 1900.

Sjølve ordet er avleidd av adjektivet moderne, som tyder "som høyrer til samtida" . Om vi tek utgangspunkt i denne tydinga, kan vi hevde at det alltid har funnest moderne kunst. Men det er ikkje tilfeldig at nettopp det moderne gav namn til ein eigen "isme", ein eigen periode, i første halvdel av 1900-talet. Rundt år 1900 skjer det nemleg så radikale endringar i både biletkunst, (klassisk) musikk og litteratur at vi snakkar om eit brott med sterke, fleire hundre år gamle tradisjonar.

Tradisjonelle trekk ved musikk, kunst og litteratur

Ulike stilartar og estetiske ideal har alltid avløyst kvarandre. Likevel er det slik at mange grunnleggjande komposisjonsprinsipp og verkemiddel i europeisk musikk, biletkunst og litteratur har vore uendra gjennom hundrevis av år.

  • Tradisjonell musikk
    Heilt sidan barokken har komponistane brukt dur- og mollskalaer som utgangspunkt for melodiane og harmoniane sine. Vi kallar musikk som byggjer på desse skalaene også for tonal musikk. Dagens popmusikk, rock og jazz er framleis først og fremst tonal.
  • Tradisjonell biletkunst
    I biletkunsten har ein tradisjonelt prøvd å etterlikne røyndommen. Kunsten har vore figurativ, det vil seie at kunstnarane har måla konkrete motiv. I tillegg har sentralperspektivet, oppfunne av Filippo Brunelleschi på 1400-talet, vore ein sentral teknikk for å skape ein illusjon av tredimensjonalitet i bilete.
  • Tradisjonell litteratur
    Heilt sidan mellomalderen har enderim og fast rytme vore vanlege innslag i lyrikken i dei ulike europeiske folkespråka. Tradisjonelle forteljingar og drama har eit klart plott, hendingane som blir skildra heng logisk saman. Handlinga er dessutan bygd rundt ein ytre eller indre konflikt som tilspissar seg og som til slutt får ei løysing.

"Bruddets estetikk"

Estetikk er eit omgrep frå kunstteorien og tyder "læra om det vakre i kunsten". Dei modernistiske kunstnarane, komponistane og forfattarane kjende godt til tradisjonen, men dei vende medvite ryggen til dei gamle komposisjonsprinsippa. Dei var på leiting etter nye uttrykk fordi dei meinte at tida dei levde i, kravde ein ny kunst, ein ny musikk, ein ny litteratur og arkitektur.

I boka Modernisme. Tverrestetiske peilinger i musikk, billedkunst og litteratur (2009)[1] kallar Per Thomas Andersen dette kunstsynet for ein "bruddets estetikk", det vil seie eit kunstsyn der brottet med gamle tradisjonar har ein sentral plass og gjerne blir sett på som eit ideal. Eksperimentering og sjangerfornying er derfor sentrale stikkord for all modernistisk kunst, og originalitet blir eit krav: Kunstverket skal faktisk bryte med det velkjende.

Nye krav til publikum

Dei modernistiske kunstnarane ønskte å endre måten publikum nærma seg kunsten på. Forfattarar og biletkunstnarar ville provosere og vekkje publikum framfor å behage og underhalde. Dei var opptekne av å markere avstand til massekulturen, som etter deira syn berre gav publikum "det dei ønskte", ei lettvint tilfredsstilling av eit behov for underhaldning.

Sentralt var også ønsket om å problematisere kva røyndom er: Finst det ein ytre, objektiv røyndom? Eller er vår indre, subjektive måte å oppleve verda på like verkeleg?

  1. 1«Modernisme. Tverrestetiske peilinger i musikk, billedkunst og litteratur». Per Thomas Andersen. Fagbokforlaget. 2009.

Læringsressursar

Modernisme

SubjectEmne

Læringssti

SubjectEmne

Fagstoff

SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter

SubjectEmne

Kildemateriale