Hopp til innhald

  1. Home
  2. NorskChevronRight
  3. Tekst i kontekstChevronRight
  4. OpplysningstidaChevronRight
  5. Erasmus MontanusChevronRight
TasksAndActivitiesOppgaver og aktiviteter

Oppgave

Erasmus Montanus

Erasmus Montanus er ein satirisk karakterkomedie som Holberg skreiv i 1731. I dette stykket gjer han særleg narr av akademisk snobbeskap og liksom-vitskapleg ordkløyveri.

Handlinga i Erasmus Montanus

Hovudpersonen i Erasmus Montanus er bondesonen Rasmus Berg, som har studert til prest i København. Foreldra hans er fulle av nasegrus beundring for sonen og svært stolte over å ha slik ein lærd mann i familien. På 1700-talet er høgare utdanning nemleg framleis eit privilegium for dei få. Dei fleste får berre noko undervisning i kristendom og lesing.

Rasmus har ikkje berre lært teologi, latin og retorikk, han har også blitt nokså innbilsk. Han krev mellom anna at familie, venner og kjende skal bruke den latiniserte forma av namnet hans. Erasmus Montanus tyder heilt enkelt Rasmus Berg på latin, men det kling sjølvsagt mykje flottare enn eit nokså vanleg dansk namn.

Rasmus skal heim til landsbyen sin for å gifte seg med barndomskjærasten Lisbet. Planen er å halde bryllaup og deretter reise tilbake til København med Lisbet så raskt som råd er.

Komplikasjon og løysing

Rasmus føler seg høgt heva over alle andre i landsbyen fordi dei ikkje kan disputere, det vil seie diskutere vitskaplege og lærde emne med han. Han set heile tida i gang dei mest absurde diskusjonane, berre for å vise at han er overlegen. Slik får han folk i landsbyen mot seg.

Han held også på å miste jenta han er forlova med, Lisbet, fordi han påstår at jorda er rund. Svigerforeldra hans er nemleg gudfryktige folk som synest han driv med vranglære, og dei nektar Lisbet å gifte seg med Rasmus med mindre han innrømmer at jorda er flat. Det tilet ikkje byrgskapen til Rasmus, og konflikten verkar fastlåst.

Til slutt speler folk i landsbyen Rasmus eit puss. Dei allierer seg med ein løytnant som skriv ut Rasmus som soldat slik at han må forlate landsbyen. No får dei oppleve ein audmjuk og angrande Rasmus, og dei synest synd på han og vil ha han tilbake. Det endar med at Rasmus går med på å seie at jorda er flat, enda han veit at ho er rund. Da får han Lisbet og alle i landsbyen er godt nøgde.

Oppgåve 1

Ludvig Holberg og forfattarskapen hans

  1. Kva var bakgrunnen til Holberg, og kva slags karriere gjorde han?
  2. Kva slags tekstar skreiv han?
  3. Kva meiner vi med omgrepet karakterkomedie?
  4. Kva er ein satire?

Oppgåve 2

a) Lytt og forstå

Holbergs drama Erasmus Montanus består av fem aktar. Du skal lese og arbeide med dei to første scenene i akt fire. Først står Rasmus aleine på scena, men så kjem Per Klokkar og Jesper Ridefogd til. Dei to har leitt etter Rasmus og vil snakke han til fornuft, men lykkast dårleg med dét. Her kan du høyre korleis Rasmus nesten tek knekken på stakkars Per Klokkar:

Erasmus Montanus (NRK)

0:00
Rasmus Berg argumenterer for at klokkaren er ein hane

b) Les

Deretter les du scene ein og to i originalutgåve. Klikk på lenkja nedanfor, så kjem du rett til nettsidene til Det kongelige Bibliotek: Erasmus Montanus, fjerde akt

Eller du kan lære deg å finne fram til dei aktuelle sidene på eiga hand:

Slik søkjer du i Arkiv for Dansk Litteratur
  • Finn Arkiv for Dansk Litteratur på Google og gå til arkivframsida.
  • Vel "Forfatter" i toppen og klikk deg fram til Ludvig Holberg.
  • Klikk på "Tittelliste", hent fram titlane som begynner på E
  • Vel Erasmus Montanus (DK).
  • Du får no valet mellom "Faksimile" (avfotograferte originalsider), "Tekst" og "Download tekst".
  • Vel "Tekst".
  • I venstremargen finn du leieteksten "Hop til side" og eit lite vindauge der du kan skrive inn sidetal.
  • Skriv inn "254". Akt fire begynner nedst på denne sida.
  • Herfrå kan du enkelt bla deg vidare.
  • Lagre gjerne nettadressa til side 254 i Favorittar, Scrapbook eller liknande.

Hjelp til å forstå teksten

Rasmus Berg strør rundt seg med latinske uttrykk for å vise kor lærd han er. For å forstå fullt ut kva Rasmus seier, treng du mest sannsynleg noko glosehjelp. Klikk på lenkja nedanfor, der finn du forklaringar til ord og uttrykk som kan vere vanskelege å skjønne. Aksentteiknet markerer kva for staving som skal ha trykk.

Gloseliste
  • har sustinéered
    har hevda, støtta
  • uden min Reputations Fortabelse
    utan å miste mitt gode rykte
  • Leilighet
    høve
  • Vildfarelser
    mistak
  • Degn
    klokkar, kyrkjetenar
  • Ridefogd
    godsforvaltar
  • Monsør Montanus
    (fransk og latin) herr Berg
  • Kiætterj
    kjetteri, vantro, vranglære
  • Svogerskap
    familieband mellom ein gift person og foreldra og syskena til ektefellen (svigerforeldre, svograr og svigerinner)
  • Mod Léges Scholásticas og Consvetúdines laudábiles
    (latin) mot skolereglementet og mot rosverdige vaner, det vil seie mot god akademisk skikk
  • Dóminus
    (latin) Herre (= Gud)
  • Den gemeene Mand Vúlgus
    den vanlege mann av folket (vulgus = latin for "folk")
  • Commilitónes
    (latin) medstudentar
  • Baccaláureus Philosophíæ
    (latin) person med ein (lågare) universitetsgrad i filosofi
  • Públice
    (latin) offentleg
  • Ne quíd detriménti patiátur res pública Philosóphica - (latin) omtrent: for ikkje å skade filosofiens sak
  • Methódicè
    (latin) metodisk, ved å følgje reglane for logisk argumentasjon
  • érgo
    (latin) derfor
  • Opponere mot
    argumentere for det motsette standpunktet
  • Som kan befri Jer derfra
    som kan prove at De ikkje er (ein hane)
  • Próba minórem
    (latin) prov denne påstanden; eig. Proba præmissam minorem, "prov den spesifikke præmissen"
  • Gid jeg faar en Ulykke
    måtte det råke meg ei ulykke (om eg lyg)
  • Lutter løgn
    berre løgn
  • Refutér
    (frå latin) tilbakevis, avsann
  • Syllogísmum, quem tíbi propóno
    (latin) den logiske slutninga som eg legg fram for deg
  • Lógica
    (latin) logikk
  • Argument
    her: provrekkje (premissar og konklusjon)
  • Qvicúnqve
    (latin) kvar og ein som
  • Jeg er for god at have Omgængelse med saadan Sværmer
    eg held meg for god til å ha omgang med ein slik svermar (det vil seie med ein røyndomsfjern person).
  • Methodum Disputándi
    (latin) gangen i ein lærd diskusjon

Kvifor taler Rasmus nettopp latin?

Språket til dei lærde

Latin, språket til romarane, var det dominerande skriftspråket i Europa lenge etter at det vestromerske riket gjekk under i 476 e.Kr. Det kom mellom anna av at latin allereie frå rundt år hundre f.Kr. hadde ei fast skriftnorm, i motsetning til dei andre europeiske språka.

Gjennom heile mellomalderen og fram til 1800-talet skreiv dei lærde i Europa på latin og kunne kommunisere med kvarandre på tvers av landegrensene. Latin var dessutan språket til kyrkja og eit sentralt skulefag på katedral- og latinskulane heilt til midten av 1800-talet.

Det vart også skrive skjønnlitterære verk på latin, men med renessansen fekk nasjonalspråka auka status som skriftspråk, slik at dei etter kvart fortrengde latinen på dette området. Holbergs roman Niels Klims underjordiske reise (1741) er eit eksempel på ein roman som først kom ut på latin, men allereie på Holbergs tid var dette sjeldsynt. Du kan lese meir om Niels Klims underjordiske reise i den språk- og litteraturhistorisk tidslinja.

Oppgåve 3

Arbeid med desse spørsmåla:

  1. I den første scena står Rasmus aleine og taler til publikum. Kva kallar vi denne typen tale i eit drama?
  2. Set om det Rasmus seier, til moderne norsk.
  3. Gjer greie for den personlege konflikten Rasmus fortel om. Kvifor vil han ikkje gjere som foreldra til Lisbet krev, og korleis håper han å løyse problemet?
  4. Jesper Ridefogd og Per Klokkar finn Rasmus og skal tale med han. Kva vil dei få han til å gjere? Lykkast dei?
  5. Rasmus og Per Klokkar begynner å disputere. Kva er det Rasmus prøver å få Per Klokkar til å tru?
  6. Korleis endar ordskiftet mellom Rasmus og klokkaren?
  7. Fogden blir sinna og prøver å målbinde Rasmus. Kven vinn krangelen?
  8. Kva synest Rasmus om fogden og klokkaren?
  9. Og kva slags inntrykk av Rasmus sit dei to igjen med?

Oppgåve 4

Hersketeknikkar

Rasmus Berg vinn dei fleste disputtane med folket i landsbyen, men slett ikkje på grunn av framifrå logikk, snarare ved hjelp av såkalla hersketeknikkar:

  • Han tek initiativet i samtalen og overrumplar motparten.
  • I staden for å prove ein påstand sjølv, veltar han over provbyrda på motparten.
  • Han bruker ord som motparten ikkje forstår, slik at han sjølv framstår som smart, mens den andre føler seg dum.
  1. Peik på konkrete eksempel på desse hersketeknikkane i tekstutdraget.
  2. Også utskjelling og truslar er hersketeknikkar. Finn eksempel på slike i teksten. Kven er det som oppfører seg slik, og kvifor?

Oppgåve 5

Meir om argumentasjonen til Rasmus (fordjuping)

Syllogismar og entymem

Rasmus Berg er ganske lettvint i argumentasjonen sin. Det kan han tillate seg fordi motstandarane hans ikkje har lært å forsvare seg mot retoriske spissfindigheiter. I denne oppgåva skal du kike Rasmus litt nærmare i korta. Da treng du å vite kva syllogísmar og entymém er for noko.

Les om syllogismar og entymem

Syllogisme

Ein syllogisme er ei logisk slutning frå det allmenne til det spesielle. La oss sjå på eit eksempel:

Alle partala er delelege med to.
Talet fire er eit partal.
Derfor er talet fire deleleg med to.

Dei to første setningane kallar vi premissar, og den tredje setninga er konklusjonen. Den første premissen er ein generell, overordna påstand, mens den andre premissen er ein spesifikk, underordna påstand som gjeld for ei mindre gruppe eller eit enkelttilfelle.

Entymem

Når vi bruker logiske slutningar i det daglege, hoppar vi ofte over den generelle premissen fordi vi går ut frå at han er kjend:

Talet fire er eit partal, derfor kan det delast med to.

Ei slik logisk slutning der ein del av slutninga er utelaten, kallar vi eit entymem.

I eksemplet ovanfor er konklusjonen framleis heilt eintydig. Men det som fungerer knirkefritt i matematikkens verd, kan by på problem når det skal overførast til kvardagens små utfordringar. Vi ser på eit eksempel til:

Det kjem til å regne, for det er svarte skyer på himmelen.

I dette entymemet er den underforståtte allmenne premissen "Svarte skyer på himmelen tyder regn." Det er ein viktig skilnad mellom matematikk-eksemplet og kvardags-eksemplet vårt: Medan premissen "Alle partala kan delast med to" gjeld utan unntak, er premissen "Svarte skyer på himmelen tyder regn" ikkje meir enn sannsynleg. Det kan faktisk hende at det ikkje kjem noko regn, same kor mange skyer som dukkar opp på himmelen.

I kvardags- og samfunnsliv diskuterer vi til vanleg nettopp spørsmål der premissar og konklusjonar berre er meir eller mindre sannsynlege. Derfor bør vi ideelt sett alltid undersøkje dei kritisk før vi godtek dei. Men når talaren ikkje gjer greie for premissane, er det ikkje lett å avsløre på ståande fot om dei er haldbare eller ikkje.

Rasmus Berg hoppar elegant bukk over kravet om ærleg argumentasjon når han nedsablar dei som prøver å diskutere med han. Han presenterer syltynne premissar som om dei var eintydige og tillét berre éin konklusjon:

Ein hane har ein kam i hovudet.
Per Klokkar har taggar i panna.
Derfor er Per Klokkar ein hane.

Rasmus nemner ikkje at det finst andre dyr (og menneske) som har ulike slags utvekstar på hovudet, slik at Per Klokkar like så godt kunne ha vore eit nashorn, eller ein elg for den saks skyld. Ein eigenskap som "taggar i panna" eller "kam i hovudet" er ikkje tilstrekkjeleg for å klassifisere eit menneske eller dyr på eintydig vis.

Men samanlikninga til Rasmus haltar også på eit anna punkt. Kor stor er eigentleg likskapen mellom "ein kam i hovudet" og "taggar i panna"? Er det ikkje nettopp forskjellige eigenskapar det er snakk om her? Provar ikkje dette det motsette av det Rasmus hevdar, nemleg at Per klokkar umogleg kan vere nokon hane?

Som vi ser, er det ikkje vanskeleg å plukke argumentasjonen til Rasmus frå kvarandre. Han bruker upresise omgrep, han bruker dei på feilaktig vis og han trekkjer bastante konklusjonar på eit om lag ikkje-eksisterande grunnlag.

Litt ulike definisjonar av entymem

Vi har ovanfor definert eit entymem som ei logisk slutning der anten ein premiss eller konklusjonen er utelaten. Slik blir omgrepet brukt i logikken. I retorikken (læra om talekunsten) kallar ein derimot alle logiske slutningane som berre er sannsynlege, for entymem. Derfor vil eksemplet

Ein hane har ein kam i hovudet.
Per Klokkar har taggar i panna.
Derfor er Per Klokkar ein hane.

også bli karakterisert som entymem, enda det har både premissar og konklusjon på plass. Det er filosofen Aristoteles (384-322 f.Kr.) som først brukte denne definisjonen. Aristoteles blir også kalla for retorikkens far fordi han har skrive det første store teoriverket om talekunsten.

Da er du klar for oppgåva: Les den korte replikkvekslinga frå Erasmus Montanus nedanfor og avslør veikskapen i argumentasjonen!

Les utdraget

Montanus:
Hør Farlille, vil De tro det, at den som drikker vel, er lykksalig?

Jeppe:
Jeg tror snarere, at han er ulykksalig; for man kan drikke både forstand og penge bort.

Montanus:
Jeg vil bevise, at han er lykksalig. Qvicunqve bene bibit, bene dormit. Nei det er sant, De forstår ikke latin, jeg må si det på dansk: Den som drikker vel, sover gjerne vel, er det ikke sant?

Jeppe:
Det er sant nok, når jeg har en halv rus, sover jeg som en hest.

Montanus:
Den som sover vel synder ikke, er det også ikke sant?

Jeppe:
Ja det er sant nok, så længe man sover, synder man ikke.

Montanus:
Den som synder ikke, er lykksalig.

Jeppe:
Det er og sant.

Montanus:
Ergo, den som drikker vel, er lykksalig.

Utdraget er henta frå nettstaden Ludvig Holbergs Skrifter (holbergsskrifter.no/holbergsskrifter.dk) og modernisert språkleg av redaksjonen.

Oppgåve 6

Dramatisering

Lær og framfør eit kort utdrag frå Erasmus Montanus. Det kan vere den korte einetalen til Rasmus, eller ei replikkveksling mellom Rasmus og ein eller fleire andre personar.

Læringsressursar

Opplysningstida

Kva er kjernestoff og tilleggsstoff?
SubjectEmne

Læringssti

SubjectEmne

Fagstoff

SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter

SubjectEmne

Kildemateriale