Hopp til innhald

  1. Home
  2. NorskChevronRight
  3. Tekst i kontekstChevronRight
  4. OpplysningstidaChevronRight
TasksAndActivitiesOppgaver og aktiviteter

Oppgaver og aktiviteter

Skriv ein nyheitsartikkel om ei hending

For å forstå vår eiga tid må vi vite noko om fortida. Opplysningstida la på mange måtar grunnlaget for det moderne Europa slik vi kjenner det i dag. I denne oppgåva skal du bruke det du veit om opplysningstida, som bakteppe i ein nyheitsartikkel om ei tenkt hending i nær framtid.

Jente som skriver på notatblokk. Foto.

Skriveoppgåve

Du skal skrive ein nyheitsartikkel på ca. 1000 ord. Vel eit av scenarioa nedanfor som utgangspunkt, og trekk parallellar til opplysningstida når du skildrar hendingane og kva for konsekvensar dei får. Tenkt nøye gjennom korleis du vil byggje opp teksten. Artikkelen skal innleiast med ein ingress på ca. 300 tegn og ha kort og fengjande tittel. Kvart avsnitt skal ha ein dekkjande mellomtittel.

Scenario 1

Du vaknar ein morgon og oppdagar at det har vore eit militærkupp i Noreg i løpet av natta. Forsvarssjefen har overteke som president. Med støtte frå generalane har han gitt seg sjølv fullmakt til å setje Grunnlova til side. Alle sosiale medium er stengde, og alle aviser, radio- og TV-stasjonar har fått melding om at alt som vert publisert, skal førehandssensurerast.

Scenario 2

Ein overvakingssatellitt har nettopp oppdaga ordet «HJELP» skrive med store bokstavar i sanda på ein liten holme langt ute i havet lengst nord i Vesterålen. Du vert med redningshelikopteret ut til øya og får moglegheita til å snakke med dei personane som oppheld seg der, om korleis dei har klart å overleve, og korleis dei har organisert minisamfunnet sitt. Det syner seg at den eine personen er ein kjend norsk naturentusiast og eventyrar. Den andre personen er ein asylsøkjar frå Liberia som har fått avslag på asylsøknaden sin. Dei har opphalde seg på øya i over eitt år før nokon oppdaga dei.

Scenario 3

I ei rekkje europeiske land er autoritære rørsler på framgang. Dei ønskjer å avgrense borgarane sin rett til fritt å utøve eigen religion, til likekjønna samliv og til å ytre seg i det offentlege rom. Slagordet deira er «Orden og disiplin». Som journalist er du vitne til ein samanstøyt mellom to grupperingar. Leiaren for den eine gruppa vaiar med eit raudt flag og roper: «Fridom, likskap og brorskap!» Han blir straks angripen av motdemonstrantar, slegen medvitslaus, slepa inn i ein bil og køyrd bort.

Læringsressursar

Opplysningstida

Kva er kjernestoff og tilleggsstoff?
SubjectEmne

Læringssti

SubjectEmne

Fagstoff

SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter

SubjectEmne

Kildemateriale