Hopp til innhald

  1. Home
  2. NorskChevronRight
  3. Tekst i kontekstChevronRight
  4. OpplysningstidaChevronRight
  5. Undersøk to opplysningsverkChevronRight
TasksAndActivitiesOppgaver og aktiviteter

Oppgave

Undersøk to opplysningsverk

Studer bøker av 1700-talsforfattarane Hans Egede og Erik Pontoppidan.

Innledningen til Hans Egdes bok trykt med gotisk skrift. Faksimile.
Faksimile av forordet til Det gamle Grønlands nye perlustration, eller Naturel-historie (1741)

Det gamle Grønlands nye perlustration, eller Naturel-historie

0:00
Det gamle Grønlands nye perlustration, eller Naturel-historie

Oppgåve 1

I forordet til Det gamle Grønlands nye perlustration, eller Naturel-historie, som vart gitt ut i 1741, dediserer Hans Egede boka til den danske arvekronprinsen.

  1. Kvifor trur du boka vert innleidd på denne måten?
  2. Kva oppgir Egede som årsak til at han har skrive boka?
  3. I 1741 vart alle bøker som vart gitte ut i Danmark-Noreg, førehandssensurerte. Kva var grunnen til det?
  4. Utdraget frå Hans Egede si bok er eit eksempel på det som vert kalla kansellistil. Kva meiner vi med dette omgrepet?
  5. Språkrådet er oppteke av at vi i dag bør unngå å bruke kansellistil. Korleis grunngir dei det? Søk på Internett etter svar på spørsmålet.
  6. Ta utgangspunkt i Egede sine formuleringar og skriv dei om til moderne norsk.
Historiske kart fra 1720. Faksimile.
Norsk kart 1720

Erik Pontoppidan - geografisk beskivelse

0:00
Erik Pontoppidan - geografisk beskivelse

Oppgåve 2

I 1785 gav Erik Pontoppidan ut Geographisk Oplysning til kartet over det sydlige Norge.

  1. Studer innhaldslista. Kva for hovudområde innan norsk geografi er det Pontoppidan tek føre seg i denne boka?
  2. Lytt til opplesinga frå boka. Korleis forklarer Pontoppidan omgrepa «sund» og «fjord»?
  3. Kva for stadnamn kjenner du att?
  4. Kva går Pontoppidans opplysningsprosjekt ut på?

Oppgåve 3

Statens kartverk har ei samling av historiske kart frå 1700-talet. Her kan du søkje opp kart frå ulike fylke eller regionar. Desse karta kan du fritt laste ned til din eigen datamaskin og studere nøyare.

  1. Ta utgangspunkt i eit kart frå eige heimfylke og studer utforminga av kartet. Korleis skil dette kartet seg frå eit moderne kart?
  2. Studer stadnamna på kartet. Har nokre av desse namna fått ein typisk dansk skrivemåte? Korleis vert desse stadnamna skrivne i dag?

Læringsressursar

Opplysningstida

Kva er kjernestoff og tilleggsstoff?
SubjectEmne

Læringssti

SubjectEmne

Fagstoff

SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter

SubjectEmne

Kildemateriale