Hopp til innhald

  1. Home
  2. NorskChevronRight
  3. Tekst i kontekstChevronRight
  4. OpplysningstidaChevronRight
  5. Frå sensur til trykkjefridomChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Frå sensur til trykkjefridom

På 1600- og 1700-talet var alle trykksaker som vart gitte ut i Danmark-Noreg, underlagde kongeleg sensur. Først i 1770 vart sensuren oppheva. Det var ein siger for fridomen til individet. I 1814 vart prinsippet om trykkjefridom nedfelt i den norske grunnlova.

Mediehistorikar Henrik G. Bastiansen om sensur og trykkjefridom

Sensuren vert oppheva

I 1770 fekk den liberale legen Johann Friedrich Struensee ein maktposisjon ved det danske hoffet. Han var oppteken av dei franske filosofane i samtida og idéane deira om fridom og menneskerettar. Som livlege hadde Struensee stor innverknad på den sinnssjuke kongen. Han innleidde til og med eit forhold til dronning Caroline Mathilde og fekk eit barn med henne.

Les mer om Struensee og Caroline Mathilde

I Per Olov Enquist sin roman Livlegens besøk kan du lese den spanande forteljinga om Johann Friedrich Struensee og dronning Caroline Mathilde. Den danske spelefilmen En kongelig affære (2012) tek også utgangspunkt i denne romansen og den makta opplysningsmannen Struensee fekk over den danske kongen.

Noko av det første Struensee gjorde, var å oppheve sensuren og innføre trykkjefridom. Slik opna han for ein fri offentleg debatt. Opplysningsfilosofane meinte at den frie debatten var ein føresetnad for å utvikle eit godt samfunn.

Resultatet vart eit frislepp av litteratur og aviser. Nye verkemiddel som ironi og satire vart tekne i bruk, no då ingen lenger kunne straffast for å håne makteliten eller andre personar ein hadde noko uteståande med. Men mangel på grensesetjing førte også til at rykte og vondsinna sladder vart spreidde som eld i tørt gras. Kanskje ser vi ein parallell mellom 1770-åra og grenselause meiningsytringar i nye sosiale medium i vår tid?

Her rir dronningen over skrevs på hesten som en mann, mens Struensee titter ut av fangehullet på sin elskerinne og deres barn. Illustrasjon.
«Den Stormægtigste Dronning Caroline Mathilde til Hæst». Struensee og dronning Caroline Mathilde vart sjølve utsette for satiren i samtida. Her rir dronninga over skrevs på hesten som ein mann, mens Struensee tittar ut av fangeholet på elskerinna og barnet.

Trykkjefridom vert grunnlovfesta

Etter berre halvtanna år tok eineveldet makta attende. Trykkjefridomen vart innskrenkt, men sensuren vart ikkje gjeninnført. Struensee vart likevel kasta i fengsel og avretta.

I 1814 vart prinsippet om trykkjefridom skrive inn i den norske grunnlova, der det i § 100 heiter: «Trykkefrihed bør finde sted.» Trykkjefridomen innebar at det ikkje lenger var risikabelt å kritisere styresmaktene, regjeringa og kongen. Denne lovbestemminga bana også vegen for at heile befolkninga etter kvart fekk tilgang til kunnskap som tidlegare berre nokre få hadde kunna nyte godt av.

Læringsressursar

Opplysningstida

Kva er kjernestoff og tilleggsstoff?
SubjectEmne

Læringssti

SubjectEmne

Fagstoff

SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter

SubjectEmne

Kildemateriale