Hopp til innhald

  1. Home
  2. NorskChevronRight
  3. Tekst i kontekstChevronRight
  4. OpplysningstidaChevronRight
  5. Robinson CrusoeChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Robinson Crusoe

I opplysningstida vart historier om eventyrlege reiser og utforsking av fjerne kystar populær underhaldning. Slike bøker hadde som føremål å både opplyse og underhalde lesarane.

Tegning av Robinson som ser et fotavtrykk i sanden og et portrett av forfatteren. Illustrasjon.
Robinson oppdagar eit fotavtrykk frå ein ukjend person på stranda. Innfelt portrett av forfattaren Daniel Defoe (1660–1731).

Daniel Defoe si historie om Robinson Crusoe vart første gong gitt ut i 1719. Boka handlar om ein ung mann som forliser på ei reise frå England til Guinea. Som einaste overlevande vert han skyld i land på ei aud øy langt frå sivilisasjonen. Defoe var openbert inspirert av den populære forteljinga om Alexander Selkirk og hans «Cruising Voyage Round the World». Selkirk hadde stranda på ei øy i fem år. Historia, som vart fortald av kapteinen på skipet som redda han, vart gitt ut i 1712.

Når mennesket må stole heilt og fullt på seg sjølv

Boka om Robinson Crusoe sine eventyr passar utmerkt med det som var den kulturelle dagsordenen i opplysningstida. Crusoe sine dagboknotat er nøyaktig nedskrivne observasjonar, førte i pennen av ein hovudperson som måtte kjempe mot den utemde naturen for å overleve. Med det han kan redde av verktøy og utstyr frå forliset, byggjer han sitt eige vesle univers, der han gjer bruk av kva han kan finne av råvarer på øya. Han må stole heilt og halde på seg sjølv, fordi, som han seier: «Eg kunne ikkje vente på noka guddommeleg innblanding.»

Fredag – Robinson sitt opplysningsprosjekt

Og det er ikkje berre naturen som er vill og utemd. Robinson møter brutale kannibalar som kjem til øya for å feire at dei har teke fangar frå ein annan stamme. Han reddar ein av desse fangane som er i ferd med å verte eten av dei brutale fiendane sine, og gir han namnet Fredag. Dei to endar opp i eit ganske særeige forhold; Fredag blir så å seie Robinson sitt eige opplysningsprosjekt. Frå å vere ein villmann vert Fredag opplært til å verte eit sivilisert menneske. Han får lære om kristendommen og korleis ein engelsk gentleman bør opptre.

Som god opplysningsmann kjempar Robinson slik mot det primitive og udanna og skaper eit sivilisert samfunn gjennom ei systematisk og vitskapleg tilnærming.

Robinsonadar

Der finst ei rekkje historier om personar som hamnar på ei aud øy og må klare seg med det øya har å tilby. Slike historier vert kalla robinsonadar. I vår tid har dei vore inspirasjon for ei rekkje teikneseriar, filmar og realityseriar på TV.

Eksempel på robinsonade: Spelefilmen Robinson Crusoe (1997) trailer

Til ettertanke

Hadde Lars Monsen oppført seg på same måten som Robinson Crusoe dersom han hadde hamna på ei aud øy? Diskuter dette med ein klassekamerat og grunngi synspunkta dine.

Læringsressursar

Opplysningstida

Kva er kjernestoff og tilleggsstoff?
SubjectEmne

Læringssti

SubjectEmne

Fagstoff

SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter

SubjectEmne

Kildemateriale