Hopp til innhald

  1. Home
  2. NorskChevronRight
  3. Tekst i kontekstChevronRight
  4. OpplysningstidaChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Kunnskapsformidling i opplysningstida

Mange oppslagsverk såg dagens lys i den perioden vi kallar opplysningstida. Bøkene skulle spreie kunnskap og skape grobotn for eit samfunn bygd på opplysning og fornuft.

To sider fra originalutgave av Flora Danica. Faksimile.
Flora Danica var rikt illustrert. Her er faksimile av to sider frå ei utgåve av Flora Danica som tilhøyrer den antikvariske boksamlinga til Kristiansand katedralskole Gimle.

Flora Danica

Flora Danica er tittelen på to bøker som i tekst og bilete skildrar dansk og norsk flora (planteliv). Den eldste boka vart gitt ut i 1648 av den danske legen Simon Paulli. Han var professor og kirurg ved Universitetet i København. Det var danskekongen Fredrik 3. som gav Paulli oppdraget. Føremålet var å lage ei plantesamling som kunne vere til opplysning for vanlege folk.

I 1755 starta den tyske professoren Georg Christian Oeder arbeidet med å kartleggje norske planter for Flora Danica. Med seg hadde han ein illustratør som teikna alle plantene som vart registrerte. Teikningane vart overførte til kopparplater, som så vart brukte i trykkjeprosessen. Fleire norske botanikarar deltok i arbeidet med verket, blant andre biskop Johann Ernst Gunnerus.

Flora Norvegica

Gunnerus sitt verk Flora Norvegica kom ut for første gong i 1766. I alt er 1118 norske artar omtalte. Boka er skriven på latin, men Gunnerus fører også opp dei tilsvarande norske, danske og tyske namna. Mange av dei plantene Gunnerus skriv om, hadde han sjølv funne på visitasreisene han gjorde som biskop i Nordland og Finnmark.

Gunnerus skildrar plantene, han fortel kva for medisinske eigenskapar dei har, og kva dei elles kan brukast til. Samstundes gir han ofte kulturhistoriske opplysningar.

På same tid klassifiserte den svenske vitskapsmannen Carl von Linné (1707–1778) systematisk alle artar han kjende til i plante- og dyreriket. Klassifiseringa hans er enno gjeldande i biologien, berre med mindre endringar.

Barn av opplysningstida

Flora Danica er eitt av mange oppslagsverk som såg dagens lys i den perioden vi kallar opplysningstida. Bøkene skulle spreie kunnskap og skape grobotn for eit samfunn bygd på opplysning og fornuft. Verket kom ut i tre parallellutgåver, på latin og på «landets Sprog, det Danske og det Tydske», slik at vanlege folk skulle kunne lese bøkene. Innhaldet var også tilrettelagt for folk som ikkje hadde studert botanikk.

Andre læreverk i opplysningstida

I same periode kom det ut fleire opplysningsbøker, blant anna reiseskildringar og bøker om språk, geografi og historie. Den danskfødde bergensbiskopen Erik Pontoppidan gav ut ei norsk ordbok i 1749, og ei skildring av norsk historie i 1752 (–53). Mest kjend er han nok likevel for si forklaring til Luthers katekisme. Den vart brukt i kristendomsopplæringa i Noreg til langt ut på 1900-talet.

Forsida til Pontoppidans bok om Norge. Faksimile.
Faksimile av Pontoppidans bok Norges naturlige historie (1752)

Presten Hans Egede vart fødd på Trondenes i Nordland. I 1721 reiste han til Grønland for å leite etter etterkommarane av dei norske vikingane. Han ville også omvende folket der til protestantismen. Som mange andre prestar i samtida var Egede oppteken av naturvitskap og geografi. I 1741 gav han ut boka Det gamle Grønlands nye perlustration, eller Naturel-historie . Tittelen gir ein peikepinn om kva boka handlar om:

... beskrivelse over det gamle Grønlands situation, luft, temperament og beskaffenhed; : de gamle norske coloniers begyndese og undergang der samme-steds, de itsige indbyggeres oprindelse, bæsen, lebe-maade og handtæringer, samt hvad ellers landet yder og giber af sig, saasom dyer, fiske og fugle &c. med hosføyet nyt land-caart og andre kaaber-stykker over landets naturalier og indbyggernis handtaeringer ...

Hans Strøm var prest i Borgund prestegjeld på Sunnmøre. Han var inspirert av Linné og Pontoppidans opplysningsskrift. I 1755 begynte han å skrive ned systematisk det folk fortalde han, og ting han sjølv observerte. Han laga også eigne teikningar. Det viktigaste samla han i ei notisbok som han kalla Annotations Boog over de Merkværdigheder som udi Syndmørs Fogderie forefindes. I 1766 gav han ut hovudverket sitt, Søndmørs Beskrivelse.

Læringsressursar

Opplysningstida

Kva er kjernestoff og tilleggsstoff?
SubjectEmne

Læringssti

SubjectEmne

Fagstoff

  • SubjectMaterialFagstoff

    Idégrunnlag og filosofar i opplysningstida

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter

SubjectEmne

Kildemateriale