Hopp til innhald

  1. Home
  2. NorskChevronRight
  3. Tekst i kontekstChevronRight
  4. OpplysningstidaChevronRight
  5. Ludvig Holberg – forfattar og samfunnskritikarChevronRight
LearningPath
Du er no inne i ein læringssti
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Ludvig Holberg

Holberg var den største og viktigaste norsk-danske forfattaren på 1700-talet. I tillegg var han ein viktig folkeopplysar og pedagog.

FooterHeaderIconFooter iconLK06

Ludvig Holberg blei fødd i Bergen og blir derfor rekna som ein norsk-dansk forfattar. I dette klippet frå programmet Anno fortel litteraturvitar Jørgen Sejersted om kva Holberg har hatt å seie som forfattar og moralist.

Ludvig Holberg var fødd og oppvaksen i Bergen. I ung alder reiste han til København for å studere. Han blei seinare professor i metafysikk ved universitetet i København – og forfattar.

Ludvig Holberg. Portrett.
Portrett av Ludvig Holberg

Ein allsidig forfattar

Holberg skreiv komediar, vitskaplege framstillingar, forteljingar på rim, prosaforteljingar, brev, essay og satire. (Satiren er ein sjanger som kritiserer eller gjer narr av personar eller tilstandar i samfunnet.) I det satiriske heltediktet Peder Paars laga Holberg ein parodi på dei mest kjende verka i latinsk litteratur. Her kritiserte han også kvinnesynet i samtida si:

Utdrag frå Peder Paars

Skal A, skjønt hun er vis, fordi hun er en kvinne,

fordi hun går med skjørt, fordømmes til å spinne?

Skal B, som er en narr, en drukkenbolt, et får,

straks mester være, just for han med bukser går?

Ordforklaringar
  • skjønt endå, jamvel om
  • spinne lage tråd av ull eller andre fibrar (i gamle dagar eit tidkrevjande handarbeid, og eit typisk kvinnearbeid)
  • får ein (dum) sau
  • just for berre fordi

Karakterkomediar

Komediane til Holberg kallar vi for karakterkomediar: Hovudpersonane har gjerne ei dårleg side eller ei last som fører til konflikt. Dermed oppstår det intrigar. Til slutt går hovudpersonen på eit nederlag og må lære av feila sine.

Kjende karakterkomediar av Ludvig Holberg

Kamuflert samfunnskritikk

Niels Klims underjordiske rejse er Holbergs einaste roman. Han skildrar hovudpersonen si reise til fantasiplaneten Nazar, der han blir kjend med ideallandet Potu (Utopia). Her rår det religionsfridom, rettssystemet er rettferdig og kvinner og menn er jamstilte. Dette var samfunnstilhøve og verdiar som Holberg sakna i samfunnet han levde i. Men open kritikk kunne vere farleg. Derfor måtte Holberg uttrykkje kritikken på indirekte vis, og det gjorde han ved å skrive ein satirisk og fantastisk roman om eit land og eit samfunn som ikke fanst.

Opphavleg skreiv Holberg romanen Niels Klims underjordiske rejse på latin. Latin var arbeidsspråket blant dei lærde i Europa på 1700-talet, og romanen fekk derfor eit større publikum enn om han hadde vore skriven på dansk.

Dansk og norsk var elles lavstatusspråk i kongeriket Danmark-Noreg. Ved hoffet snakka dei berre tysk og fransk, og fransk blei også brukt i skrift og tale av den norske overklassen. Den danske forfattaren Christian Wilster 

(1797–1840) skildra tilstanden slik:

Hver mann som med kløkt gikk i lærdom til bunns,

latin på papiret han malte,

med fruene fransk, og tysk med sin hund,

og dansk med sin tjener han talte!

Sitatet ovanfor er henta frå eit dikt der Wilster hyllar Holberg for innsatsen for det danske språket. Holberg mislikte nemleg den snobbete språklege åtferda til overklassen. Han skreiv dei fleste tekstane sine på dansk og var på denne måten med på å utvikle eit moderne dansk skriftspråk.

Sist oppdatert 01/31/2019
Tekst: Oddvar Engan, Marion Federl og Ragna Marie Tørdal (CC BY-SA)