1. Home
  2. NorskChevronRight
  3. Tekst i kontekstChevronRight
  4. OpplysningstidaChevronRight
  5. Dramatiser ei scene frå Jeppe på BjergetChevronRight
TasksAndActivitiesOppgaver og aktiviteter

Oppgave

Dramatiser ei scene frå Jeppe på Bjerget

De skal dramatisere ei scene frå Ludvig Holbergs komedie Jeppe på Bjerget. Lytt først til Per Aabel si framføring av scena der Jeppe våknar i baronen si seng.

Ein mann ligg i seng med silkelaken. Han stikk hovudet opp og ser heilt forfjamsa ut. Foto.
Jeppe våknar i baronen si seng. Kim Haugen speler Jeppe i Riksteatret si oppsetjing av Jeppe på Bjerget i 2008.

Scene fra Jeppe på bjerget

0:00
Scene fra Jeppe på bjerget
  • Del klassen inn i grupper.
  • Studer bakgrunnen for komedien, og les teatermanuset som de finn i denne lenka til Trøndelag teater: Teatermanus Jeppe i baronens seng
  • Diskuter dykk fram til ei felles forståing av Jeppe sin situasjon. Ter han seg latterleg, eller er det synd på han? Kven ønskjer de at dei som ser på, skal ha sympati for?
  • Fordel rollene mellom dykk i gruppa, og lær replikkane så godt at de ikkje berre les dei opp, men seier dei fram med innleving.
  • Framfør scena for dei andre elevane i klassen.

Læringsressursar

Opplysningstida

Kva er kjernestoff og tilleggsstoff?
SubjectEmne

Læringssti

SubjectEmne

Fagstoff

SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter

SubjectEmne

Kildemateriale