1. Home
  2. NorskChevronRight
  3. Tekst i kontekstChevronRight
  4. OpplysningstidaChevronRight
  5. Niels Klims underjordiske rejse ChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Niels Klims underjordiske rejse

Ludvig Holbergs roman Niels Klims underjordiske rejse er ei fantastisk forteljing om ein ung mann som fell ned i ei hole og møter mange ulike samfunn i jordas indre. Men romanen er også ein kritikk av samfunnstilhøva på den tida Holberg levde.

Tittelbladene til romanen Niels Klims underjordiske reise. Faksimile.
Faksimile av den latinske utgåva av Niels Klims underjordiske reise frå 1741. Boka inngår i den antikvariske boksamlinga til Kristiansand katedralskole Gimle.

Ein samfunnskritisk roman

Niels Klims underjordiske rejse var den einaste romanen Ludvig Holberg skreiv, og det gjorde han på latin: Nicolai Klimii Iter Subterraneum kom ut i 1741. Men føremålet med forteljinga er meir enn underhaldning: Gjennom skildringa av desse fantasisamfunna kritiserer Holberg indirekte samfunnstilhøva i Danmark-Noreg og i andre europeiske land han har besøkt. Holberg veit at innhaldet kjem til å vekkje harme hos styresmaktene, og ordnar med at boka blir gitt ut i Tyskland. På den måten unngår han sensur (statleg kontroll eller forbod).

Romanen blir straks ein suksess og omsett til fleire språk. Alt i 1742 kom boka ut også på dansk under tittelen Niels Klims underjordiske rejse. Kyrkja og den danske kongen likte boka dårleg, men Holberg var ein populær forfattar i Danmark, slik at det var nyttelaust å forby henne.

Potu – eit idealsamfunn i opplysningstida

Hovudpersonen i boka, Niels Klim, er nettopp uteksaminert frå universitetet i København og reiser heim til fødebyen Bergen. Her dyrkar han interessene sine for naturvitskap, og han er stadig på forskarferd. Ein dag er han på Fløyfjellet og oppdagar ei hole i jorda. Ved eit uhell ramlar han ned i denne hola, og dermed startar reisa.

Klim landar på ein planet i jordas indre, som innbyggjarane kallar Nazar. Det første landet han kjem til, er Potu. Her finst det ingen adel, og kvinner og menn er jamstilte. Dessutan er det religionsfridom i Potu. Klim kan ikkje skjønne at kvinner skal ha dei same rettane som menn. Han føreslår derfor at kvinnene skal nektast høge stillingar i landet. Men det synest ikkje innbyggjarane er nokon god idé, og Klim blir forvist frå Potu.

Klim blir også kjend med fleire andre samfunn på planeten Nazar. Til sist fell han på nytt i ei hole og er med eitt tilbake i Bergen. Her får han vite at han har vore borte i tolv år. Ein gammal venn, borgarmeisteren Abelin, gir Klim husrom og skriv ned alt han fortel om reisa si.

Ein satirisk sciencefictionroman

Niels Klims underjordiske rejse er ein satirisk roman. Satire er kritikk blanda med humor og latterleggjering, eit sterkt våpen som ofte blir brukt for å ramme dei mektige i samfunnet. Mange av dei fantasisamfunna som er skildra i boka, har fellestrekk med land som Holberg sjølv hadde reist i, og som han no kritiserer og driv ap med. Men kritikken er indirekte: Lesaren må sjølv tenkje seg denne samanhengen mellom forteljing og røyndom. Vi kan derfor seie at delar av romanen skal oppfattast allegorisk, som eit bilete på noko anna.

Nokre av dei samfunnstilhøva Holberg kritiserer, er mangel på åndsfridom, religionsfridom og jamstilling. Men også dårskap som pyntesjuke og uforstand er han oppteken av. Holberg er ein typisk representant for opplysningstida og vil at folk skal bruke fornufta som rettesnor i alt dei gjer.

På 1700-talet kjem det ut mange bøker som spekulerer over kva menneska vil oppdage i jordas indre, på månen eller på andre uoppdaga stader. Holberg er heilt klart inspirert av romanen Gullivers reiser av Jonathan Swift, som kom ut allereie i 1726. Både Gullivers reiser og Niels Klims underjordiske rejse kan seiast å vere banebrytarar for sciencefictionsjangeren.

Læringsressursar

Opplysningstida

Kva er kjernestoff og tilleggsstoff?
SubjectEmne

Læringssti

SubjectEmne

Fagstoff

SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter

SubjectEmne

Kildemateriale