Hopp til innhald

  1. Home
  2. NorskChevronRight
  3. Tekst i kontekstChevronRight
  4. Humanisme og renessanseChevronRight
  5. Lærebøker i trolldom og magiChevronRight
TasksAndActivitiesOppgaver og aktiviteter

Oppgave

Lærebøker i trolldom og magi

I mellomalderen levde menneska i eit magisk univers. Her rådde både Gud og Satan, englar og demonar. Trolldomsbøkene, eller svartebøkene, som blei til i mellomalderen, er lærebøker i trolldom og magi.

Middelaladermunk med bok, lommeur og stearinlys. Foto.

Frå 1300-talet og utover skjer det ei klimaforverring i heile Europa. Det blir oftare uår, og epidemiar herjar støtt. Mot slutten av 1400-talet er situasjonen særleg ille i Tyskland, og mange søkjer etter nokon å skulde på fordi dei ikkje kan finne noka logisk forklaring på ulykkene som råkar dei.

Trollmenn og hekser

Den katolske munken Heinrich Kramer skaffar dei ein syndebukk: I 1486 gir han ut boka Heksehammaren. I Heksehammaren samlar Kramer ein del vanlege førestellingar om ugjerningane til trollmenn og hekser: Dei kastar sjukdom og død på menneske og dyr, dei øydelegg avlingane til folk og har omgang med djevelen. Kramer meiner at ein må bruke alle middel for å avsløre trollmenn og trollkvinner, også tortur. Trass i at fleire geistlege og humanistar tek avstand frå boka hans, kjem ho i mange opplag, og talet på hekseprosessar aukar raskt.

Menneske med overnaturlege krefter blir omtalte som trollmenn og trollkvinner (frå 1600-talet også som hekser), og folk trur at dei står i direkte kontakt med den vonde sjølv. Prestar og geistlege med liknande evner kunne derimot hevde at dei har krafta si frå Gud.

Lærebøker i trolldom og magi

Les fagartikkelen om trolldomsbøker før du svarar på spørsmåla. Les gjerne også fagartiklar publiserte av Institutt for kulturstudier ved UIO om norske trolldomsprosessar .

Oppgåve 1

  1. Kvifor blir desse bøkene kalla "svartebøker?
  2. I munnlege overleveringar blir det ofte referert til 6. og 7. Mosebok. På kva måte skulle desse bøkene ha blitt til, og kva inneheldt dei?
  3. Kva for tradisjon byggjer dei norske svartebøkene på?

Oppgåve 2

Lytt til bibliotekaren ved Oslo katedralskole om Vinjeboka.

  1. Når og kor blei denne boka funnen?
  2. Korleis skil innhaldet i Vinjeboka seg frå andre svartebøker?
  3. Korleis kan ein vite at boka stammar frå 1490-talet?
  4. Kven reknar ein med har skrive boka?
  5. Vinjeboka inneheld ein formel som blir kalla sator-rotas-formelen. Kva slags formel er dette, og korleis blei han brukt?

Oppgåve 3

I mellomalderen trudde folk at trollmenn og hekser var opphavet til ulukker og sjukdom. Mange blei dømde for trolldom og hekseri. Sjå videoklippet frå NRK-serien Historien om Norge om den samiske noaiden Kvive som blir dømd til døden for trolldom og les artikkelen Hekseprosessene i Europa var oftest nabokrangler (Uniforum).

  1. Kva er ein noaide?
  2. Kva er det Kvive blir skulda for?
  3. Korleis oppfattar Kvive sjølv dei skuldingane som blir retta mot han?
  4. Når fann dei fleste hekseprosessane i Noreg stad?
  5. 80 % av dei som blei dømde til døden for trolldom og hekseri var kvinner. Kva kan årsakene vere til det?
  6. Finnmark er det fylket i Noreg der flest menneske blei dømde for trolldom og hekseri. Kva kan årsakene vere til det?

Læringsressursar

Humanisme og renessanse

Kva er kjernestoff og tilleggsstoff?
SubjectEmne

Læringssti

SubjectEmne

Fagstoff

  • SubjectMaterialFagstoff

    Renessansen - oppgangstid i Europa

    Tilleggsstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • SubjectMaterialFagstoff

    Helvete før og no

    Tilleggsstoff
    AdditionalTilleggstoff
SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter

SubjectEmne

Kildemateriale