Hopp til innhald

  1. Home
  2. NorskChevronRight
  3. Tekst i kontekstChevronRight
  4. Humanisme og renessanseChevronRight
  5. Romeo og Julie i moderne innpakningChevronRight
TasksAndActivitiesOppgaver og aktiviteter

Oppgave

Romeo og Julie i moderne innpakning

Handlinga i William Shakespeares drama Romeo og Julie frå 1597 er lagd til den italienske byen Verona. Dei to ungdommane Romeo og Julie vert forelska i kvarandre. Men kjærleiksforholdet er truga av konflikten mellom familiane deira.

Filmscene der Romeo i rustning kysser hånda til Julie i englekostyme. Foto.
Scene fra filmen «Romeo og Julie» der Romeo møter Julie for første gang på en fest hos familien Capulet

Frå renessanseengelsk til moderne norsk

Oppgåve 1

Renessanseforfattarar som Dante, Boccaccio og Shakespeare nytta ofte faste rim- og rytmemønster. I Romeo og Julie bruker Shakespeare eit rytmemønster bygd på jambar.

  1. Kva er ein jambe? Søk på Internett etter forklaring på dette omgrepet.
  2. Vel eit utdrag frå Edvard Hoems omdikting av Romeo og Julie: NB digital: Romeo og Julie omdikta av Edvard Hoem
    I kva grad har Hoem teke omnsyn til det opphavlege rim- og rytmemønsteret? Grunngi svaret med døme.

Oppgåve 2

William Shakespeares drama om Romeo og Julie vart utgitt første gong i 1597. Korleis får ein eit drama frå 1500-talet til å vedkomme menneske i vår tid?

Søk på YouTube etter oppsetningar av balkongscena.

Søkjeord:

  • Romeo and Juliet
  • balcony scene
  1. Samanlikn dei ulike engelskspråklege versjonane av balkongscena i Romeo og Julie med omsyn til kostyme, rekvisittar, rollefigurar, replikkar, tempo. Korleis har måten dette dramaet vert framført på, endra seg frå 1968 til i dag?
  2. Sjå Dagsrevy-klippet om Romeo og Julie på kebabnorsk, og samanlikn denne versjonen med dei engelske oppsetningane. Kva versjon synest du gir mest meining for unge menneske i dag? Grunngi svaret.

Oppgåve 3

Del klassen i grupper på tre. Éin i kvar gruppe er journalist, éin er Romeo og éin er Julie.

  1. Lag eit fiktivt intervju med Romeo og Julie etter at balkongscena er ferdig. Still begge same type spørsmål som dagens sportsjournalistar ofte stiller til idrettsutøvarar:
    • Korleis opplevde du det som skjedde?
    • Kva føler du no?
    • Kvifor er dette viktig for deg?
    • Kva problem står du overfor no?
    • Korleis trur du dette kjem til å gå?
  2. Presenter intervjuet i skriftleg eller munnleg form for klassen.
«Luren» som digital forteljing

Oppgåve 4

Samanlikn dramaet Romeo og Julie med den norske novella «Luren» av Maurits Hansen. Begge forteljingane handlar om ung kjærleik.

  • Kva er likt mellom desse forteljingane?
  • Kva går den største skilnaden ut på?

Oppgåve 5

Diskuter i klassen:

  • Kva kan opplevast som hinder for to unge som elskar kvarandre i Noreg i dag?
  • Vert alle forhold aksepterte av familie og samfunn?

Læringsressursar

Humanisme og renessanse

Kva er kjernestoff og tilleggsstoff?
SubjectEmne

Læringssti

SubjectEmne

Fagstoff

  • SubjectMaterialFagstoff

    Renessansen - oppgangstid i Europa

    Tilleggsstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • SubjectMaterialFagstoff

    Helvete før og no

    Tilleggsstoff
    AdditionalTilleggstoff
SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter

SubjectEmne

Kildemateriale