Hopp til innhald

  1. Home
  2. NorskChevronRight
  3. Tekst i kontekstChevronRight
  4. Humanisme og renessanseChevronRight
  5. Utdrag frå DekameronenChevronRight
SharedResourceDelte ressurser

Kildemateriale

Utdrag frå Dekameronen

Unge jenter i fine kjolar og ein musikar som spelar lut. Måleri.
Ei forteljing frå Dekameronen (A Tale from the Decameron), måla av John William Waterhouse i 1916.

Denne novella er henta frå samlinga Dekameronen av den italienske forfattaren Giovanni Boccaccio (1313–1375). I peståret 1349 flyktar ti unge frå byen Firenze og dreg ut på landet for å sleppe unna epidemien. Der underheld dei kvarandre med historier: Kvar enkelt må fortelje ei historie, kvar einaste dag. På ti dagar vert det ti gonger ti historier, i alt hundre noveller.

Utdrag fra Dekameronen av Giovanni Boccaccio

0:00
Utdrag fra Dekameronen av Giovanni Boccaccio

Første dag, tredje historie

Sultan Saladin prøver å lokke jøden Melkisedek i ei felle. Melkisedek reddar seg ut av situasjonen ved å fortelje historia om dei tre ringane.
Da Neifile igjen tagde og alle hadde rost historia hennar, oppfordra dronninga Filomena til å tale. Filomena tok til å fortelje:
«Forteljinga til Neifile minner meg om den farlege situasjonen som ein jøde ein gong kom opp i. Sidan vi alt har tala om Gud og om vår sanne tru på sømmeleg vis, kan det neppe vere upassande at vi no ikkje held oss for gode til å fortelje om menneska sin lagnad og korleis dei handlar. Derfor vil eg fortelje denne historia, som kanskje kan føre til at de er meir varsame neste gong de får spørsmål retta mot dykk.
Ver nemleg viss på éin ting, kjære venninner, at på same måte som uforstand og dårskap røvar lykka frå mange og det endar i djupt elende, så reddar klokskapen den vise frå stor fare og gir han fullkommen tryggleik og ro. Det finst mange døme som viser at uforstand i sanning ofte leier frå lykke til ulykke, vi treng ikkje fortelje om dei akkurat no fordi dei utspeler seg kvar dag rett framfor auga våre. Men korleis klokskap kan vere til hjelp, vil eg vise dykk med denne korte forteljinga, slik eg har lova.»

«Sultan Saladin var ein særdeles modig mann. Han kom frå fattige kår og nådde sultantrona i Babylon. Dessutan førde heltemotet hans til mange sigrar over sarasenske og kristne fyrstar. Men talrike krigar og ein prangande livsførsel hadde resultert i at skattkammeret hans var tomt, og da han uventa trong nye store pengesummar, visste han ikkje korleis han kunne få tak i pengane like raskt som han hadde behov for dei.

Da kom han til å tenkje på ein rik jøde med namnet Melkisedek, som var pengeutlånar i Alexandria. Saladin var sikker på at Melkisedek ville vere i stand til å hjelpe han, men han visste også at utlånaren var så gjerrig at han neppe frivillig ville gå med på å låne han pengar. Saladin ville ikkje bruke vald, men han var bestemd på at jøden skulle hjelpe han, uansett om han no var villig til det eller ikkje. Derfor prøvde han å finne eit påskot for å kunne tvinge jøden på ein måte som ikkje ville vere lovstridig.

Han kalla Melkisedek til seg, og tok imot han på ein vennleg måte, baud han setje seg ned ved sida av seg og sa så: ‘Min venn, eg har alt høyrt frå mange hald at du skal vere ein vis og forstandig mann og ha djup innsikt, særleg i spørsmål som har med Gud å gjere. No vil eg gjerne vite av deg kva for ein religion du ser på som den sanne, den jødiske, den sarasenske eller den kristne?’

Jøden var i sanning ein vis mann. Han oppfatta straks at Saladin stilte den slags spørsmål berre for å setje han fast. Han skjønte også at Saladin ville oppnå føremålet sitt uansett kva for ein religion han måtte bestemme seg for å setje øvst. Derfor brukte han no heile sitt skarpsinn for å finne det svaret som han så sårt trong og som han ikkje kunne takast for. Plutseleg kom han på kva han skulle seie, og han sa:

‘Min herre, spørsmålet som De legg fram for meg, er både vakkert og djupsindig; men skal eg seie kva eg synest om saka, så må eg fortelje Dykk ei lita historie, som De straks skal få høyre. Eg minnest at det for lenge sidan levde ein rik og fornem mann som eigde ein vedunderleg vakker og kostbar ring. Denne ringen verdsette han høgare enn alle dei andre utsøkte juvelane i skattkammeret sitt.

Så vakker og verdfull var denne ringen at han bestemde seg for at han skulle bli i familiens eige i all framtid, og han ordna det slik at den av sønene hans som kunne vise fram ringen faren hadde gitt han, skulle reknast som arving, og for alltid skulle han heidrast som den fremste av dei. Den første mottakaren av ringen handla på omtrent same måten som hans eigen far hadde gjort. Kort sagt, ringen gjekk frå hand til hand over til mange ledd og etterkommarar.

Men til slutt fekk ringen ein eigar som hadde tre søner, alle saman vakre, dydige og lydige overfor faren sin. Dei unge kjende til tradisjonen med ringen, og sidan kvar enkelt av dei gjerne ville vere den fremste blant sine eigne, bad alle tre på det mest innstendige sin gamle far om ringen.

Den snille mannen elska alle tre sønene like høgt og klarte ikkje å velje ut éin blant dei. Dermed lova han kvar enkelt av dei at han skulle få ringen, og prøvde å finne ein måte å gjere alle tre til lags. Til slutt bad han i all løynd ein dyktig gullsmed om å lage to nye ringar, som begge likna så godt på den første at ikkje ein gong han som hadde gitt oppdraget, klarte å skilje ut den rette.

På dødsleiet kalla han til seg sønene enkeltvis og gav dei kvar sin ring. Etter farens død gjorde så alle tre krav på arven og førsteretten, og for å rettferdiggjere kravet, viste kvar av dei fram ringen som han hadde fått. Men ringane likna så mykje på kvarandre at ingen klarte å sjå kva for ein av dei som var den rette. Spørsmålet blei derfor aldri avgjort, det står uløyst den dag i dag.

Derfor seier eg Dykk det same, herre, om dei tre religionane som Gud Fader har gitt til dei tre folka, og som De har spurt meg om: Kvart folkeslag trur at det eig hans arv, hans sanne lov og hans bod, og lever deretter. Men kven som verkeleg eig den rette lova, det er ikkje avgjort, på same måten som heller ikkje spørsmålet om ringane er det.’

Da Saladin skjønte kor snedig jøden hadde klart å unngå snaren han hadde lagt for føtene hans, bestemde han seg for å fortelje han rett ut kva det var han ville. Han fortalde til og med kva han hadde tenkt å gjere dersom Melkisedek ikkje hadde klart å komme opp med eit så snarrådig og viseleg svar. Jøden imøtekom Saladins ønske i alt som denne kravde av han, og Saladin betalte ikkje berre heile lånet attende, han overlesste Melkisedek med gåver, sytte for at han fekk den respekt og ære som han fortente, og at han blei ein god venn for all ettertid.»

Ordforklaring

sarasensk = muslimsk

Kjelde

Les meir

Giovanni Boccaccio, Das Dekameron, Übers. von Karl Witte. Bd. 1, Leipzig 1859. S. 49–53; publisert på skolenettsidene til Gymnasium Borckhorst. Omsetjing til bokmål ved Marion Federl, omsetjing til nynorsk ved Oddvar Engan.

Læringsressursar

Humanisme og renessanse

Kva er kjernestoff og tilleggsstoff?
SubjectEmne

Læringssti

SubjectEmne

Fagstoff

  • SubjectMaterialFagstoff

    Dekameronen

  • SubjectMaterialFagstoff

    Renessansen - oppgangstid i Europa

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • SubjectMaterialFagstoff

    Helvete før og no

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter

SubjectEmne

Kildemateriale