Hopp til innhald

  1. Home
  2. NorskChevronRight
  3. Tekst i kontekstChevronRight
  4. Humanisme og renessanseChevronRight
  5. Oppgåver til DekameronenChevronRight
TasksAndActivitiesOppgaver og aktiviteter

Oppgave

Oppgåver til Dekameronen

Dekameronen er ei samling på hundre noveller av den italienske diktaren Giovanni Boccaccio på 1300-talet. Les fagteksten om Dekameronen og svar på oppgåvene.

et utsnitt som viser unge mennesker i fine drakter. Illustrasjon.
Utsnitt av motiv frå Dekamaronen, illustrert av Salvatore Postiglione

Oppgåve 1

Lag ein presentasjon av diktverket Dekameronen ved hjelp av PowerPoint eller Prezi. Presentasjonen skal gi svar på desse spørsmåla:
  1. Kva slags bok er Dekameronen?
  2. Kven har skrive boka?
  3. Når blei ho skriven?
  4. Kva tyder tittelen Il Decamerone?
  5. Boka har ei rammeforteljing.
    • Kva handlar rammeforteljinga om?
    • Kva er den historiske bakgrunnen for ho?
  6. Korleis er boka bygd opp?
  7. Kva for tema finn vi i novellene?
  8. Kva for samfunnsgrupper er representerte i tekstane?
  9. Forfattaren latterleggjer ei spesiell samfunnsgruppe i nokre av forteljingane. Kven er det som får gjennomgå?
  10. Kva slags kvinneskikkelse er Fiametta?
  11. Kva er typisk for dei kvinnelege karakterane i Dekameronen?
  12. Kven får tildelt skurkerollene i novellene?
  13. Kvifor har Dekameronen også blitt kalla for "Den menneskelege komedien"?
  14. Den tyske dramatikaren Gotthold Ephraim Lessing (1729–1781) har brukt forteljinga om Saladin og Melkisedek i dramaet Nathan den vise (1779). Kvifor kan denne forteljinga ha vore aktuelt stoff i opplysningstida?

Oppgåve 2

  1. Kvifor fortel Filomena historia om Saladin og Melkisedek?
  2. Kva er den konkrete konflikten i forteljinga om dei to?
  3. Kva er årsaka til konflikt i forteljinga om ringen?
  4. Denne teksten kan seiast å bestå av ei forteljing i ei forteljing i ei forteljing. Forklar korleis dei ulike forteljingane er knytte saman.
  5. Sjå nærmare på Saladin, Melkisedek, og på faren i forteljinga om ringen.
    • Er personskildringa direkte eller indirekte? Gi eksempel.
    • Kva slags verdiar og haldningar står karakterane for?
  6. Er konflikten i forteljinga om ringen uløyst, eller har han ei løysing? Grunngi svaret.
  7. Forteljinga om ringen er ein parabel. Kva kjenneteiknar denne sjangeren? Slå opp i Bokmåls- og nynorskordboka og finn ut.
  8. Boccaccio har kalla forteljingane i Dekameronen for noveller.
    • Kan du peike på nokre novelletrekk i teksten du har lese?
    • Og kan du peike på trekk som vi neppe vil finne i moderne noveller frå 1900- og 2000-talet?

Læringsressursar

Humanisme og renessanse

Kva er kjernestoff og tilleggsstoff?
SubjectEmne

Læringssti

SubjectEmne

Fagstoff

  • SubjectMaterialFagstoff

    Dekameronen

  • SubjectMaterialFagstoff

    Renessansen - oppgangstid i Europa

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • SubjectMaterialFagstoff

    Helvete før og no

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter

SubjectEmne

Kildemateriale