Hopp til innhald

  1. Home
  2. NorskChevronRight
  3. Tekst i kontekstChevronRight
  4. Humanisme og renessanseChevronRight
TasksAndActivitiesOppgaver og aktiviteter

Oppgave

Samfunn, språk og kultur 1350-1600

I 1349 kjem svartedauden til Noreg og legg delar av landet øyde. Språk og kultur forfell. Men i Italia ser vi frå midten av 1300-tallet byrjinga på ei ny utvikling som i løpet av 200 år spreier seg over heile Europa: renessansen.

Oppgåve 1

I Norden bruker vi omgrepet mellomalder om perioden frå kristendomen blei innført i 1050 og fram til reformasjonen i 1537.

  1. Kva for ei rolle speler religionen i mellomaldersamfunnet?
  2. Kva er det viktigaste kjenneteiknet på rikdom i mellom-alderen?
  3. Kva for stender har mest makt?
  4. Kvifor er det vanskeleg å komme seg opp og fram i mellomaldersamfunnet?
  5. I 1349 kjem svartedauden til Noreg. Kva for konsekvensar får dette for det norske samfunnet?
  6. I Italia tek utviklinga ei heilt anna retning, enda svartedauden herjar også der. Forklar kort.

Oppgåve 2

Segna om Jostedalsrypa

  1. Kven var Jostedalsrypa?
  2. Korleis fekk ho namnet sitt?
  3. Kva er den historiske bakgrunnen for segna?
  4. Kva for konsekvensar fekk svartedauden for det norske skriftspråket?
  5. Kva for eit språk tok over som administrasjonsspråk i Noreg i seinmellomalderen?
  6. Kva for skriftlege kjelder er bevarte frå tida 1350–1600?

Oppgåve 3

Ein smakebit av språket i Noreg på1300-talet

Bilde som viser et brev som dronning Margrete den første har skrevet til mannen sin
Brev frå dronning Margrete til husbonden kong Håkon VI. Brevet er skrive rundt år 1370. I brevet klagar ho sin nød over forholda på Akershus, der ho bur mens mannen er på reise. Brevet er eitt av dokumenta i Diplomatarium Norvegicum.

Kva tyder denne setninga frå brevet til dronning Margrete?

"vita skulin j thet min kære herra, at jak ok mine thiænara liidhum stora nøødh, vm mat oc dryk, swa at hwargæ iak ælla the fangom vara nøødthorfft."

Skriv eit forslag før du ser på omsetjinga.

Moderne norsk

"Vite skal I det, min kjære herre, at jeg og mine tjenere lider stor nød på mat og drikke, så at hverken jeg eller de får vår nødtørft.»

Oppgåve 4

Nye oppdagingar og nye tankar

Sandro Botticellis berømte maleri Nascita di Venere - Venus' fødsel. Viser gudinnen Venus stående på et skjell nylig kommet opp fra havet. Maleri.
Sandro Botticellis berømte maleri Nascita di Venere - Venus' fødsel
  1. Forklar kva ordet renessanse tyder.
  2. Humanismen er ein del av renessansen. Kva er det humanistane er opptekne av?
  3. Renessansen og humanismen har sitt opphav i Italia på 1300-talet. Når får desse tankene gjennomslag i Nord-Europa?
  4. Nemn ein kjend vitskapsmann og kunstnar som er ein sentral representant for renessansen.
  5. På kva måte endrar menneskeynet seg med renessansen?

Oppgåve 5

Boktrykkjerkunsten og Bibelen på folkespråket

Johan Gutenberg i verkstedet. Illustrasjon.
Johan Gutenberg i boktrykkjarverkstaden
  1. Kven blir rekna som opphavsmann til boktrykkjarkunsten?
  2. Kvifor var trykkpressa ei viktig oppfinning?
  3. Når fekk Noreg sitt eige trykkeri?
  4. Nemn nokre store oppdagingar frå 1400- og 1500-talet – gjerne nokre fleire enn dei som står nemnde i Tidslinja.
  5. Korleis endra desse oppdagingane folks måte å tenkje på?
  6. Korleis klarte kyrkja å auke rikdommen sin gjennom mellomalderen?
  7. Kven var Martin Luther?
  8. Kva for sider ved den katolske kyrkja og læra er han kritisk til?
  9. Kva blei resultatet av konflikten mellom Luther og den katolske kyrkja?
  10. Som ei følgje av reformasjonen blei Bibelen omsett frå latin til dei ulike folkespråka. Kvifor fikk vi ingen norsk bibelomsetjing?
  11. Korleis var talemålet i Noreg på 1500-talet?
  12. Korleis kan vi vite noko om talemålet på den tida?

Oppgåve 6

Diplomatarium Norvegicum 1489

0:00
Diplomatarium Norvegicum 1489
  1. Hva er Diplomatarium Norvegicum? Du kan f.eks. søkje etter informasjon i Wikipedia eller i Store norske leksikon.
  2. Kva var det ein kalla for diplom i mellomalderen?
  3. Lytt til utdraget frå Diplomatarium Norvegicum.
    • Teksten er eit rettsdokument som gjer greie for eit alvorleg lovbrott. Kva heiter de to involverte personane?
    • Kvar møttest dei to?
    • Kvar og når blei dokumentet skrive?
    • Kven er forfattaren av dokumentet?
    • Kva var det som skapte usemja mellom dei to personane, og kva blei utfallet av konflikten?
    • Kva er den historiske bakgrunnen for at noko så harmlaust som ein skål kunne utløyse sinne?

Læringsressursar

Humanisme og renessanse

Kva er kjernestoff og tilleggsstoff?
SubjectEmne

Læringssti

SubjectEmne

Fagstoff

  • SubjectMaterialFagstoff

    Dekameronen

  • SubjectMaterialFagstoff

    Renessansen - oppgangstid i Europa

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • SubjectMaterialFagstoff

    Helvete før og no

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter

SubjectEmne

Kildemateriale