Hopp til innhald

  1. Home
  2. NorskChevronRight
  3. Tekst i kontekstChevronRight
  4. Humanisme og renessanseChevronRight
  5. Den guddommelege komedienChevronRight
TasksAndActivitiesOppgaver og aktiviteter

Oppgave

Den guddommelege komedien

Dantes Den Guddommelege komedie (La Divina Commedia) blei skriven i tidsrommet 1308 til 1321. Sjå video-klippa frå NRK-programmet lesekunst, og svar på oppgåvene.

Bilde som viser dikteren Dante. I bakgrunnen helvete, skjærsild og paradis
Biletet til venstre viser Dante med boka Divina Commedia i handa. Biletet er måla av den italienske kunstnaren Domenico di Michelino (1417–1491) og befinn seg i domkyrkja i Firenze, Santa Maria del Fiore.

Måleriet viser Dante med eit oppslått eksemplar av Divina Commedia. Den eine handa hans peiker mot ei rekkje syndarar som blir førte mot inn- gangen til helvete. Lengst bak i midten ser vi skjerselden, eit fjell med sju nivå eller terrassar som sjelene må slite seg oppover. På toppen av dette fjellet står Adam og Eva og symboliserer det jordiske paradiset. Dantes blikk er vendt mot høgre, mot byen Firenze. Det er tydeleg at bod- skapen i boka er meint for innbyggjarane i byen. Himmelkvelvet over, med sola og månen, symboli- serer dei himmelske sfærene.

Den guddommelege komedie - helvetet

Oppgåve 1

Sjå videoklippet frå NRK-serien Lesekunst om helvete.

  1. "Midt i byen ligger domkirken" opnar forteljarstemma med. Kva for ein by er meint, og kva for ei kyrkje?
  2. Kva år startar handlinga i boka, og kva er utgangssituasjonen?
  3. Diktaren møter ein person som tilbyr seg å vise han vegen. Kven er denne personen?
  4. Korleis skildrar forfattaren pinslene i helvete?
  5. Korleis beskriv Dante utsjånaden til djevelen (Lucifer)?
  6. Dante plasserer menneske frå samtida si i helvete. Kven er dei? Kva kan vere grunnen til at han gjer noko slikt?
  7. Kvifor kan dette diktverket kallast ein komedie?
Den guddommelege komedie - skjærselden

Oppgåve 2

Sjå videoklippet frå NRK-serien Lesekunst om skjærselden.

  1. Kvar finn vi skjersilden, ifølgje Dante? .Ein engel rissar inn bokstaven p sju gonger i panna til Dante. Kva står denne bokstaven for?
  2. Kan du tenkje deg kvifor det er nettopp sju p-er?
  3. Kva skjer med sjelene på vegen oppover fjellet?
  4. Kvifor går nokon sjeler gjennom skjerselden?
  5. Kvifor er det nettopp Vergil som blir vegvisar for Dante?
  6. Kvifor kan ikkje Vergil følgje Dante inn i paradiset?
Den guddommelege komedie - paradiset

Oppgåve 3

Sjå videoklippet frå NRK-serien Lesekunst om paradiset.

  1. Kven tek imot diktaren i Paradiset?
  2. Kva symboliserer denne personen?
  3. Kva ville Dante med dette diktverket, ifølgje professor Trond Berg Eriksen?
  4. Kva kan dette verket gi lesaren i dag?

Læringsressursar

Humanisme og renessanse

Kva er kjernestoff og tilleggsstoff?
SubjectEmne

Læringssti

SubjectEmne

Fagstoff

  • SubjectMaterialFagstoff

    Dekameronen

  • SubjectMaterialFagstoff

    Renessansen - oppgangstid i Europa

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • SubjectMaterialFagstoff

    Helvete før og no

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter

SubjectEmne

Kildemateriale