Hopp til innhald

  1. Home
  2. NorskChevronRight
  3. Tekst i kontekstChevronRight
  4. Humanisme og renessanseChevronRight
TasksAndActivitiesOppgaver og aktiviteter

Oppgave

Oppgåver til Bergens Kapitelsbog

Oppgåver om Absalon Pederssøn Beyers forfattarskap og om Bergens Kapitelsbog.

Kobberstikk som viser Bergen by rundt 1580
Bergen kobberstikk fra ca 1580

Oppgåve 1

Absalon Pederssøn Beyer: Bergens Kapitelsbog

  1. Kva for ein sjanger tilhøyrer Bergens Kapitelsbog?
  2. Kva handlar boka om?
  3. Kva for språk har forfattaren brukt i boka?
  4. Kvifor er Bergens Kapitelsbog eit viktig verk?
  5. Kva slags bakgrunn har forfattaren av boka, Absalon Pederssøn Beyer?
  6. Kva er hovudverket hans?
  7. Kvifor har Beyer ein sentral plass i det bergenske humanistmiljøet?
  8. Kva hende med kona til Beyer etter hans død?

Oppgåve 2

Dagboksjangeren

  1. Kva slags tekst er ei dagbok?
  2. Kva for dagbøker er typiske for 1500-talet?
  3. Kva er forskjellen mellom ein annal og ei krønike?
  4. Kva for andre typar dagbøker kjenner du til?
  5. Kjenner du nokre romanar eller filmar som utnyttar dagbokforma?

Oppgåve 3

Livet i Bergen på 1500-talet

  1. Kva for ei konkret hending fortel klippet om?
  2. Kva er den vanlegaste årsaka til kriminalitet og død i byen Bergen på 1500-talet?
  3. Kor mange menneske bur det i Bergen på Beyers tid?
  4. Kvar kjem dei frå?
  5. Kva er meister Absalons dom over bergensfolkets moralske standard?

Oppgåve 4

Utdrag frå Bergens Kapitelsbog

  1. Kva slags hendingar er det meister Absalon har for vane å føre opp i dagboka si?
  2. Han nemner fleire personar som døyr eller som er døde. Kva døyr mennene av, og kva nemner han som dødsårsak for kvinnene?
  3. Sjå nærmare på skrivemåten i teksten. Mange bokstavar kan stå for fleire enn éin språklyd.
    • Kva for lydar kan bokstaven w stå for?
    • Og bokstaven i?
    • Og bokstaven f (eller ff, eller ffu)?
    • Og bokstaven v?
  4. Korleis skriv vi desse bokstavkombinasjonane i moderne norsk?
    • ck
    • qu
    • aa

Bergens Kapitelsbog

Absalon Pederssøns dagbok 1562

Utdrag frå boka

Mensis

Januarius

Dies


2. Paa denne dag skifftede garperne en rund almesse iblant det fattige folck, som hafde lidet skade af branden

3. Døde Hans bagere borger.

6. Stack en garpedreng i Englegaard en annen ihiel,

8. Døde frw Anne her Wincentz Lungis dotter paa Hattebierg, Christofer Sualis froe, oc vard icke quit med sit foster,

11. Giorde byfoden sin steffdotters brøllup, med en skreddere heder Laurens

12. Begynte ieg mester Absolon Petræius Theologus Bergensis at læse fore mine discipler vdi kirken Locos Communes Philippi Melanthonis

14. Bleff frw Anne ført aff Hattebierg oc til Bergen at skulle begraffues.

16. Bleff erlig oc velbyrdig Mand Jacob Hardenberger ført til Bergen aff Sundfiordt, oc var funden try vger effter hand bleff med alt sit folck.;

17. Wore Jacob Hardenberg, oc salige fru Anne Lunges begrafne vdi Domkirken i kooridt, med stor reuerentz vdi Erik Rosenkrantzis oc mange andres neruerelsse. Jacob vart lagd hos sin salige froe som døde i fiord paa barselseng paa Quale vdi Sogn.

26. Bleff en bonde halshuggen oc stegled paa Nordnæs, fordi han hafde slaged en mand ihiel oc mørt honnom vdi en baad, fylde saa baaden fuld aff siø og lod honnom saa flyde heden,

29. Fødde erlig oc velbyrdig quinne fru Heluig Erik Rosenkransis froe en søn, da klocken slo ix fore middag.

31. Bleff theris søn døpt paa slottit aff doctor Jens Schellerup oc vart kallit Otto.

Kjelde: Dokumentasjonsprosjektet

Ordforklaringar

Les forklaringane
  • mensis (latin) = månad
  • januarius (lat.) = januar
  • dies (lat.)= dag
  • garperne = hanseatane, tyskarane
  • skifftede = gav
  • almesse = almisse, gåve
  • vard icke quit med sit foster = klarte ikkje å føde barnet
  • Petræius = latinisert form av Pederssøn
  • Theologus Bergensis (lat.) = teolog frå Bergen
  • Discipler (fra latin) = elevar
  • Loci Communes = ei lærebok i teologi, skriven på latin av Philipp Melanchthon, ein førande lutheransk teolog
  • velbyrdig = av god familie
  • reverentz = reverens, akting, ærbødig helsing
  • han bleff stegled = kroppsdelane hans blei hengde på ei stegle, det vil seie på ein stolpe

Læringsressursar

Humanisme og renessanse

Kva er kjernestoff og tilleggsstoff?
SubjectEmne

Læringssti

SubjectEmne

Fagstoff

  • SubjectMaterialFagstoff

    Dekameronen

  • SubjectMaterialFagstoff

    Renessansen - oppgangstid i Europa

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • SubjectMaterialFagstoff

    Helvete før og no

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter

SubjectEmne

Kildemateriale