Hopp til innhald

  1. Home
  2. NorskChevronRight
  3. Tekst i kontekstChevronRight
  4. Humanisme og renessanseChevronRight
  5. Helvetet i moderne medietekstarChevronRight
TasksAndActivitiesOppgaver og aktiviteter

Oppgave

Helvetet i moderne medietekstar

Korleis bli helvetet framstilt i moderne norske medietekstar? Og korleis blir ordet helvete brukt i daglegtalen?

Illustrert bokside frå Den gudommeliege komedie.Faksimile.
Illustrert utgåve av Dante sitt diktverk «Den gudommelege komedien»

Oppgåve 1

Spelet Dante's Inferno byggjer på Dante sitt diktverk Den gudommelege komedien.

Sjå på PlayStation-klippet PlayStation 3 Dante's Inferno

NB! Dataspelet har 18-årsgrense.

  1. Kva for likskap finn du mellom Dantes skildring av helvetet i Den guddommelege komedien og helvetet slik det blir framstilt i Dante's Inferno?
  2. Veit du om andre filmar og dataspel som byggjer på tekstar frå norsk eller europeisk mellomalder?
  3. Kvifor er det populært å bruke allusjonar til mellomaldertekstar i underhaldningsindustrien i den vestlege verda i dag?
ordet helvete brukt i ulike sammenhenger. Kollasj.

Oppgåve 2

  • Skriv inn søkjeordet «helvete» i søkjefelta til nettavisene VG og Vårt Land.
  • Skriv ned titlane på fem avisartiklar i kvar avis som inneheld ordet helvete.
  • Kva handlar artiklane om?
  • Og kva legg journalistane i omgrepet helvete i dei ulike tekstane?
  • Er det forskjell på korleis omgrepet helvete blir brukt i dei to avisene?
  • Kva består i så fall forskjellane i?

Oppgåve 3

Ein enkét er eit intervju der mange personar svarar på same spørsmål.

  • Gå saman to og to og lag ein enkét der de spør ti personar om kva dei legg i omgrepet «helvetet». Vel personar som tilhøyrer ulike miljø og aldersgrupper.
  • Presenter enkéten for klassen. Kva fortel alle enkétane om korleis omgrepet «helvetet» blir brukt i dag?

Læringsressursar

Humanisme og renessanse

Kva er kjernestoff og tilleggsstoff?
SubjectEmne

Læringssti

SubjectEmne

Fagstoff

  • SubjectMaterialFagstoff

    Dekameronen

  • SubjectMaterialFagstoff

    Renessansen - oppgangstid i Europa

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • SubjectMaterialFagstoff

    Helvete før og no

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter

SubjectEmne

Kildemateriale