Hopp til innhald

  1. Home
  2. NorskChevronRight
  3. Tekst i kontekstChevronRight
  4. Humanisme og renessanseChevronRight
  5. TrolldomsbøkerChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Trolldomsbøker

Menneska i mellomalderen lever i eit magisk univers. Her rår både Gud og Satan, englar og demonar. Dette er utgangspunktet for den litteraturen vi kallar trolldomsbøker.

person som blar i en miniatyrbok. Foto.
Ei svartebok kunne være ganske liten i omfang, men innholdet var kraftfullt

Menneske med overnaturlege krefter blir omtalte som trollmenn og trollkvinner (frå 1600-talet også som hekser), og folk trur at dei står i direkte kontakt med den vonde sjølv. Prestar og geistlege med liknande evner kunne derimot hevde at dei har krafta si frå Gud, og vart oftast trudde på det.

Svartebøker

Ei svartebok er ei samling oppskrifter og formlar for dei som vil utøve magi eller trolldom. Svartebøkene har fått namnet sitt fordi dei omtaler ”svartekunstar” eller svart magi. Ved hjelp av slike kunstar kan ein få makt over dyr og menneske og skaffe seg kontakt med djevlar og demonar. Men bøkene gir også råd om korleis ein kan lækje sjukdommar og verne seg mot ulykker, såkalla kvit magi.

Dei eldste bøkene er skrivne for hand. Desse bøkene er utforma av kunnskapsrike og skrivekunnige folk – mellom dei truleg også prestar. Fleire prestar på 1500- og 1600-talet hadde ord på seg for å kunne ”meir enn sitt fadervår”. Mellom anna heitte det seg at diktarpresten Petter Dass var utlært i svartekunst. Somme svartebøker er truleg skrivne av folk med militær bakgrunn. Her finn vi formlar som gir vern mot både sverdhogg og kuler, og oppskrifter som fortel korleis ein kan vinne kjærleiken til ei kvinne.

På 1800-talet tek embetsstanden etter kvart avstand frå alt som ikkje er prega av ”fornuft og opplysning”. I dette hundreåret blir svartebøkene skrivne av folk frå dei lågare samfunnsklassane. Dei er opptekne av hjelperåder mot kvardagsproblem som dei fleste må stri med, for eksempel sjukdom på folk og fe.

I svartebøkene møter vi ei blanding av førkristne ritual, folkeleg lækjekunst, katolsk helgendyrking og mellomalderske førestellingar om djevlar og demonar, trolldom og hekseri. Kunnskapen frå svartebøkene har levd i folketradisjonen heilt opp til våre dagar. Framleis kjenner folk mange stader i Noreg til korleis ein kan stanse blødingar ved hjelp av magiske formlar.

Sjanger og opphav

Svartebøkene høyrer til sjangeren trolldomsbøker, som har røter tilbake til mellomalderen. Desse bøkene inneheld mellom anna element frå kristen og jødisk mellomaldermystikk. Mystikk i religiøs samanheng vil seie å oppleve harmoni og ei kjensle av å høyre saman med det guddommelege

En sirkel med ulike symboler som skal verne mot onde makter. Illustrasjon.
Et pentakel er et symbol som skal verne mot onde makter. På norsk blir symbolet gjerne kalt marekors, Salomos seil eller hekselås.

Denne kjensla kan ein oppnå på ulike måtar. Den jødiske kabbalamystikken er for eksempel basert på trua om at det finst fleire lag av meining i dei heilage skriftene, og at ein ved hjelp av visse metodar kan avdekkje kunnskapen om Gud og universet som ligg gøymd der.

I kabbalamystikken legg ein stor vekt på numerologi (læra om dei mystiske eigenskapane ved tala). Mellom anna har kvar einaste engel og djevel i bibelen både eit namn, eit tal og eit teikn knytte til seg. Slike førestellingar går også att i dei trolldomsbøkene frå mellomalderen som på fransk heiter grimoires – skuggebøker.

Dei eldste svartebøkene blir ofte omtalte som 6. og 7. Mosebok. Etter folketrua skal desse bøkene vere ein hemmeleg del av den jødisk-kristne bibelen og fortelje om dei trolldomskunstane Moses lærte hos egyptarane.

Eit anna gammalt namn på svartebøkene er Cyprianus. Nemninga skriv seg frå den romersk-katolske helgenen Cyprianus frå Antiokia, som levde på 300-talet. Legenda fortel at han var ein stor trollmann før han vart kristen, og at han har skrive svartebøker.

Vinjeboka

Dei norske svartebøkene har tyske og danske bøker som førebilete, men inneheld i tillegg trolldoms- og signingsformlar som levde på folkemunne i Noreg. Vinjeboka er den eldste svarteboka som er funnen i Noreg. Ho vart oppdaga i 1796 under golvet i ei gammal stavkyrkje i Vinje i Telemark. Vi reknar med at boka er nedskriven rundt 1490. Språket i boka er ei blanding av norsk, dansk og latin. Det tyder på at ho er skriven av ein lærd person. I tillegg til trolldomsformlar inneheld boka også signingsformlar og Maria-hymner (religiøse lovsongar til jomfru Maria).

I Vinjeboka finn vi den kjende satorrotas- formelen, som også blir kalla «Satans fem linjer»:

S A T O R
A R E P O
T E N E T
O P E R A
R O T A S

Formelen er eit palindrom, det vil seie at ord eller uttrykk kan lesast både frå høgre og venstre. Her kan vi i tillegg lese kvart ord både oppover og nedover.

Språket i formelen er latin, og orda tyder ”Såmannen (Jesus) held hjula i gang”. Denne formelen har vore brukt som hjelpemiddel mot sjukdom i mange europeiske svartebøker heilt frå det første hundreåret etter Kristus.

Mange av svartebøkene inneheld magiske formlar for korleis ein kan stoppe blod:

«Dette må sies tre ganger: Stat (dvs.stopp) blod, ligesom Kjærringer i Helvede stod.»

«En bør påkalle Faderen, Sønnen og Den Hellige Ånd før en leser dette verset: Som Jordans Flod stod, så stemmer jeg dit Blod.»

Læringsressursar

Humanisme og renessanse

Kva er kjernestoff og tilleggsstoff?
SubjectEmne

Læringssti

SubjectEmne

Fagstoff

  • SubjectMaterialFagstoff

    Renessansen - oppgangstid i Europa

    Tilleggsstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • SubjectMaterialFagstoff

    Helvete før og no

    Tilleggsstoff
    AdditionalTilleggstoff
SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter

SubjectEmne

Kildemateriale