Hopp til innhald

  1. Home
  2. NorskChevronRight
  3. Tekst i kontekstChevronRight
  4. Humanisme og renessanseChevronRight
  5. Bergens KapitelsbogChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Bergens Kapitelsbog

Bergens Kapitelsbog er ei dagbok frå åra mellom 1552 og 1571, skriven av presten Absalon Pedersson Beyer. Beyer skildrar dagleglivet i Bergen, som på den tida er den einaste storbyen i Noreg. Her kan vi lese om alt frå pest og drap til bryllaup og fest.

Tegnet kart som viser gamle Bergen med en liten husklynge rundt Vågen og seilskuter. Faksimile.
Biletet er eit koparstikk av Hieronymus Scholeus. Scholeus var prospektmålar av yrke. Stikket er datert til ca. 1580 og er eitt av dei eldste kjende og bevarte bileta av Bergen.

I dagboka kan vi lese om alt frå pest og drap til bryllaup og fest.Boka inneheld også meir personlege innslag, for eksempel kommentarar til somme hendingar og små glimt frå Beyers privatliv. Her er ei dramatisering av ei av dei hendingane Beyer skriv om:

Henretting på Nordnes

0:00
Avretting på Nordnes

Beyer skriv først på latin, men går så over til å skrive på ”morsmålet”, det vil seie dansk, med innslag av bergensmål. Nesten heile dagboka er bevart, men først i 1858 kjem ho ut i bokform. Boka er rekna som den viktigaste kjelda til norsk sosial- og kulturhistorie på 1500-talet.

Humanismen i Noreg på 1500-talet

Humanismen får ikkje særleg gjennomslag i Noreg. Det finst likevel nokre få og små humanistiske miljø rundt om i landet. Bergens-miljøet er eitt av dei. Absalon Pedersson Beyer har ein sentral plass i dette miljøet fordi han er ein representant for 1500-talets humanistiske danningsideal. Dessutan er han med på å starte eit skolemiljø som seinare får mykje å seie for litteratur og åndsliv her i landet.

Absalon Pedersson Beyer om Bergen

0:00
Absalon Pedersson Beyer om Bergen

Absalon Pedersson Beyer

Absalon Pedersson Beyer (1528–1575) var prest frå Bergen. Han arbeidde både som prest, historikar, forfattar og lærar. Hovudverket hans, Om Norgis Rige, kom ut i 1567. Boka gir ei historisk framstilling av Noregs fortid og ei skildring av samtida.

Pedersson Beyer utdanna seg i København og Wittenberg og kom til Bergen i 1552. Han var lektor i teologi ved katedralskolen og seinare slottsprest ved Bergenhus. Absalon Pedersson Beyer var ein høgt akta mann i Bergen, men han fekk også fiendar fordi han refsa hemningslaus og umoralsk livsførsel.

Dagboksjangeren

Dagbøker er saktekstar med opplysningar som er ordna kronologisk, gjerne dag for dag. Dagbøker på 1500-talet gjeld visse hendingar: visitasbøker frå bispebesøk, rekneskapsbøker og andre offentlege protokollar. Desse dagbøkene er gjerne skrivne på oppdrag frå styresmaktene.

Ein annal (årbok) er ei dagbok som kort og tørt refererer historiske hendingar i tidsrekkjefølgje. Krønika gir også ei kronologisk framstilling av historiske hendingar. Framstillinga er målande og livfull, men lite kritisk utforma og ofte upåliteleg.

Utdrag fra Bergens Kapitelsbok

Lytt til teksten:

Utdrag Bergens Kapitelsbog

0:00
Utdrag Bergens Kapitelsbog

Absalon Pederssøns dagbok 1562

Mensis Januarius Dies

2. Paa denne dag skifftede garperne en rund almesse iblant det fattige folck, som hafde lidet skade af branden

3 Døde Hans bagere borger.

6. Stack en garpedreng i Englegaard en annen ihiel,

8. Døde frw Anne her Wincentz Lungis dotter paa Hattebierg, Christofer Sualis froe, oc vard icke quit med sit foster,

11. Giorde byfoden sin steffdotters brøllup, med en skreddere heder Laurens

12. Begynte ieg mester Absolon Petræius Theologus Bergensis at læse fore mine discipler vdi kirken Locos Communes Philippi Melanthonis

14. Bleff frw Anne ført aff Hattebierg oc til Bergen at skulle begraffues.

16. Bleff erlig oc velbyrdig Mand Jacob Hardenberger ført til Bergen aff Sundfiordt, oc var funden try vger effter hand bleff med alt sit folck.

17. Wore Jacob Hardenberg, oc salige fru Anne Lunges begrafne vdi Domkirken i kooridt, med stor reuerentz vdi Erik Rosenkrantzis oc mange andres neruerelsse. Jacob vart lagd hos sin salige froe som døde i fiord paa barselseng paa Quale vdi Sogn.

26. Bleff en bonde halshuggen oc stegled paa Nordnæs, fordi han hafde slaged en mand ihiel oc mørt honnom vdi en baad, fylde saa baaden fuld aff siø og lod honnom saa flyde heden,

29. Fødde erlig oc velbyrdig quinne fru Heluig Erik Rosenkransis froe en søn, da klocken slo ix fore middag.

31. Bleff theris søn døpt paa slottit aff doctor Jens Schellerup oc vart kallit Otto.

Læringsressursar

Humanisme og renessanse

Kva er kjernestoff og tilleggsstoff?
SubjectEmne

Læringssti

SubjectEmne

Fagstoff

  • SubjectMaterialFagstoff

    Renessansen - oppgangstid i Europa

    Tilleggsstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • SubjectMaterialFagstoff

    Helvete før og no

    Tilleggsstoff
    AdditionalTilleggstoff
SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter

SubjectEmne

Kildemateriale