Hopp til innhald

  1. Home
  2. NorskChevronRight
  3. Tekst i kontekstChevronRight
  4. Humanisme og renessanseChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Renessansen - oppgangstid i Europa

Perioden før opplysningstida i Europa blir kalla renessansen. I åra 1347–51 døydde fleire enn halvparten av befolkinga i Europa i pestepidemien som er blitt kalla svartedauden. Perioden etter svartedauden sine herjingar var prega av at det var færre menneske som konkurrerte om dei same ressursane.

Sandro Botticellis berømte maleri Nascita di Venere - Venus' fødsel. Viser gudinnen Venus stående på et skjell nylig kommet opp fra havet. Maleri.

Derfor var livsvilkåra etter måten gode for den europeiske befolkninga på 1400-talet. Men i løpet av siste halvdel av dette hundreåret skjedde det ein sterk folkeauke, som varte fram til 1600-talet. I denne perioden begynte det å utvikle seg ein ny handelskultur, særleg i dei italienske bystatane.

Handelskultur og ny overklasse

Med utgangspunkt i byar som Venezia, Firenze, Genova og Pisa oppretta kjøpmenn nye handelskontaktar og marknader i Middelhavsregionen. Med større økonomiske overskot utvikla det seg ei ny form for overklasse, ein såkalla borgarskap. Denne overklassen var heilt ny i europeisk historie. I mellomalderen, tida før renessansen, var det dei familiane som hadde fått privilegium av kongen eller kyrkja, som utgjorde overklassen. Den nye borgarskapen hadde derimot nådd høgt i samfunnet på bakgrunn av eigen innsats.

Sidan denne nye overklassen hadde fått rikdommen sin gjennom eigen økonomisk aktivitet, var han heller ikkje like avhengig av kongemakta og kyrkja, slik adelen og dei geistlege var. Borgarskapen kunne derfor stille spørsmål ved grunnlaget for kongen si makt og ved måten den katolske kyrkja utøvde religionen på. Her er vi alt ved kjernen av det opplysningstida stod for. Dei nye økonomiske tidene i Europa skapte nye sosiale grupper og ein ny borgarskap, som kunne ta eit oppgjer med dei kyrkjelege dogma og kongemakta sin styringsideologi.

Identitet

Borgarskapen trong ein ny identitet, som kunne skilje borgarane frå dei andre samfunnsklassane. I dei italienske bystatane tok borgarskapen i første omgang til å leite i historia for å skape ein slik identitet. Dei begynte å interessere seg for romarane og Romarriket. I det romerske samfunnet hadde ein òg hatt ein borgarskap, som likna på den som oppstod på 1400-talet. På same måten som romarane begynte no borgarane å interessere seg for antikken og dei greske bystatane. Dette gjaldt både innanfor kunst, arkitektur og politikk. Omgrepet demokrati stammar frå Aten i det gamle Hellas

Det er interessa for antikken som har gjort at denne perioden blir kalla renessansen, som er fransk for «atterføding». Dei gamle ideala blei fødde på ny, og perioden som låg imellom, blei til nettopp det: mellomalderen.

Læringsressursar

Humanisme og renessanse

Kva er kjernestoff og tilleggsstoff?
SubjectEmne

Læringssti

SubjectEmne

Fagstoff

  • SubjectMaterialFagstoff

    Dekameronen

  • Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • SubjectMaterialFagstoff

    Helvete før og no

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter

SubjectEmne

Kildemateriale