1. Home
  2. NorskChevronRight
  3. Tekst i kontekstChevronRight
  4. Humanisme og renessanseChevronRight
  5. Presenter eit fagleg tema for klassenChevronRight
TasksAndActivitiesOppgaver og aktiviteter

Oppgave

Presenter eit fagleg tema for klassen

Læreplanen i norsk seier at du skal øve deg i å halde foredrag, presentasjonar og talar. I tillegg skal du kunne «lytte til, vurdere og gi rettleiande tilbakemelding på andre sine munnlege presentasjonar».

Nokre enkle tips når du skal presentere eit fagleg emne

Oppdrag – fase ein

Du skal førebu og halde ein presentasjon for klassen der du samanliknar vilkåra for kjærleik slik dette blir framstilt i to tekstar frå ulike tidsepokar:

  • renessansedramaet Romeo og Julie
  • musikalen West Side Story

I samband med presentasjonen skal du vise visuelle eksempel i form av stillbilete og videoklipp som streker under poenga dine. Presentasjonen skal vare i ca. 10–15 minutt.

Oppdrag – fase to

Be om kortfatta tilbakemelding frå medelevar og/eller lærar på følgjande:

  • ein ting som var bra i presentasjonen din
  • forslag til eitt betringspunkt

Oppdrag – fase tre

Deretter ber du alle utføre denne refleksjonsøvinga:

  1. Skriv ned tre moment som du har lært av denne presentasjonen.
  2. Ta fram to moment som du synest var vanskeleg å forstå, og be ein medelev forklare kva det tyder.
  3. Skriv ned eitt moment som du ønskjer å lære meir om. Tenk over kor og korleis du kan lære meir om dette.

Læringsressursar

Humanisme og renessanse

Kva er kjernestoff og tilleggsstoff?
SubjectEmne

Læringssti

SubjectEmne

Fagstoff

  • SubjectMaterialFagstoff

    Dekameronen

  • SubjectMaterialFagstoff

    Renessansen - oppgangstid i Europa

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • SubjectMaterialFagstoff

    Helvete før og no

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter

SubjectEmne

Kildemateriale